Alfred Jens Bjørlo (V): Vil justisministeren ta initiativ til å modernisere og forenkle reglane i folkeregistreringslova, slik at vaksne, gifte menneske kan ha fridom til å bu der i Noreg dei ønskjer og situasjonen krev det, ut frå til dømes jobbsituasjon?
Begrunnelse
Folkeregisterlova seier at den som har felles heim med ektefelle eller born, skal registrerast i folkeregisteret med bustad same stad.
At lova blir praktisert så strengt og firkanta som i dag, mellom anna illustrert gjennom saka om den nye Finansbyråden i Bergen som for å utøve sitt verv må vere folkeregistrert og bu midlertidig i ein annan by enn der hans ektefelle har sitt arbeid (jmf. ma. sak i Bergens Tidende 11/7-24) ) syner etter underteikna og Venstre sitt syn at lova er dårleg tilpassa moderne ekteskap og liv – og ber preg av å vere laga i ei anna tid.
Regelverket bør heller legge til rette for at ein kan bu og arbeide der ein vil, ikkje gjere kvardagslivet til folk vanskelegare. Lova tek i liten grad høgd for at karriereval og kvardagslivet elles i større grad enn før kan krevja det av ektefellar å bu to ulike stader. Å signere separasjonspapir for å kunna leve ut karrieredraumen sin, verkar lite føremålstenleg.
Det finst sjølvsagt skattemessig gode grunnar til at lova som hovudregel krev ektefellar å vere folkeregistrert på same adresse, men etter underteikna sitt syn må det likevel vere fullt mulig – dersom viljen er til stades – å finne løysingar for å gjere rigide reglar litt meir fleksible, til gagn for folk flest.
Eit godt ekteskap er ikkje avgrensa til at ein bur i same bustad. Det handlar om å gjere kvardagen enklare for alle og gjere det lettare å «ta heile Norge i bruk», uansett livssituasjon.