Ingrid Fiskaa (SV): Helse Vest har valt dei dyraste kontorlokala i Stavanger til seg sjølv, samtidig som det må kuttast over alt i drifta ved Universitetssjukehuset i Stavanger. Saka avslører den store avstanden mellom sjukehusadelen i det regionale helseføretaket og dei som gjer det faktiske arbeidet i helsetenestene. Helse Vest har samtidig påstått at dei neppe kunne fått billegare lokale, noko som viser seg å vera feil.
Meiner helseministeren det er grunnlag for tillit til styret i Helse Vest?
Begrunnelse
Eg viser til fleire saker i Stavanger Aftenblad gjennom våren og sommaren, som har avdekt stadig fleire detaljar om korleis Helse Vest har prioritert fasjonable kontorlokale til seg sjølv, samtidig som dei ikkje har vore ærlege om prosessen og alternativa som kunne vore valt.
Helse Vest har både påstått at dei har gått breitt ut og vurdert fleire tilbod, at dei sannsynlegvis ikkje kunne fått lokale til lågare kostnader i Stavanger sentrum, og at det er usikkert om dei kunne fått billegare lokale ved kollektivaksen utanfor Stavanger sentrum. Alle påstandane viser seg å ikkje stemma. Stavanger Aftenblad avslørte 13. juli at dei berre innhenta konkrete pristilbod på 2 av 18 alternativ, begge midt i Stavanger sentrum. Lokala som vart valt er samtidig blant dei aller dyraste kontorlokala i Stavanger og det alternativet med høgast estimerte prisar av dei 18 alternativa eigedomsmeklaren føreslo.
Saka har skapt stort sinne blant helsepersonell, som med rette opplever ein stor avstand mellom det byråkratiske styringsleddet og seg sjølv. Medan sjukehustilsette må springa stadig fortare og får beskjed om å spara på alt, lever altså sjukehusadelen i ei heilt anna verd.