Alfred Jens Bjørlo (V): Jostedalsbreen nasjonalpark er oppretta for å ta vare på Europas største fastlands-isbre og sikre «..naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt friluftsliv som er lite avhengig av teknisk tilrettelegging».
Er statsråden samd i at å bygge eit gondolanlegg heilt inn til grensa til Jostedalsbreen Nasjonalpark i eit område utan reiselivsinfrastruktur frå før, for å frakte opptil 100 000 turistar pr. år opp til 1 500 meters høgd og inn i den sårbare høgfjellsnaturen, er i strid med føremålet med opprettinga av nasjonalparken?
Begrunnelse
Selskapet Jostedalsbreen AS planlegg å bygge «Glacier Gondol» i Jølster i Sunnfjord kommune, opp til Tverrfjellet (1495 moh.) heilt på grensa til Jostedalsbreen nasjonalpark og rett ved Jostedalsbreen. Sitatet i spørsmålet er henta frå Forskrift om vern av Jostedalsbreen nasjonalpark, kap. III.