Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2470 (2023-2024)
Innlevert: 13.07.2024
Sendt: 01.08.2024
Til behandling

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram løyve eller kva oppdragsbrev Statens vegvesen region midt har fått for å kunne fortsette å sløse vekk skattebetalarane sine pengar på Møreaksen, gjennom reguleringsplan arbeide for eit prosjekt som ikkje ligg prioritert inne i NTP sine neste 12 år, og kan samferdselsministeren forklare Statens vegvesen region midt sin illojalitet overfor politisk behandlingar og overfor Stortinget når dei ikkje har respekt for at Møreaksen er fjerna frå NTP?

Begrunnelse

I lengre tid har vi her i Møre og Romsdal opplevd eit illojalt Statens vegvesen region midt, som har brukt absolutt alle planleggingsmidlar og ressursane i Statens vegvesen region midt på galskapens prosjekt Møreaksen.
Snart ein halv milliard kr er forbrukt på dette prosjektet. Stortinget har no etter framlegg frå regjeringa tatt til vettet og fjerna Møreaksen heilt ut av Nasjonale transportplanen dei neste 12 åra som nyleg vart til behandling i Stortinget.
Frå før har Statens vegvesen framvist null respekt for politiske vedtak, null respekt for verken prioriteringar i meir enn 30 år her i fylket, eller dei ulike NTP behandlingane i Stortinget.
Møreaksen har ALDRI vore prioritert på topp i Møre og Romsdal.
E-136 frå Ålesund til Bjorli, har vore priroitert på topp i Møre og Romsdal i meir enn 30 år.
Statens vegvesens har neglisjert dette og forbrukt alle planleggings ressursane på Møreaksen i staden.
Likeså "dødsvegen" nr. 2 her i landet E-39 Solevågseidet- Veibust-Blindheim til Moa, som Statens vegvesen også har nedprioritert, sjølv om dette er ein av landets verste ulykkesstrekningar med mange dødsulykker berre dei siste åra.
No har Stortinget igjen talt og Møreaksen er denne gongen fjerna heilt ute av NTP sin neste12 års periode.

"Likevel opplever vi at Statens vegvesen ikkje bryr seg om politiske vedtak eller forholder seg til ny NTP med ei kommma, dei bestemmer sjølve som ein stat i staten og skal fortsette å sløse vekk skattebetalarane sine pengar på reguleringsarbeide for Møreaksen."

I Romsdals budstikke står følgjande:

"Kommunen og vegvesenet er i gang med en regulering for området Grandfjæra vest. Planleggingen gjøres selv om Møreaksen lar vente på seg, Om Møreaksen lar vente på seg, så ønsker likevel vegvesenet å regulere ferdig, og hvis steinmassene kommer vil vi være forberedt."

-Ingen har gjeve Statens vegvesen løyve til å brue ei kr meir på Møreaksen som ligger utanfor NTP dei neste 12 åra.
Det er kun prosjekt som ligg inne i NTP perioden som skal planleggjast og som kan brukast pengar på etter oppdragsbrev frå Statsråden og departementet.
-Det er illojalt av Statens vegvesen region midt å forsøke å bruke ei kr meir på Møreaksen, når der står mengder med andre prosjekt som både ligg i fyrste 6 årsperioden av NTP og i planen vidare.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig