Skriftlig spørsmål fra Grunde Almeland (V) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2441 (2023-2024)
Innlevert: 28.06.2024
Sendt: 28.06.2024
Besvart: 03.07.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Grunde Almeland (V)

Spørsmål

Grunde Almeland (V): Hvilken effekter vil skattelegging av barnetrygd ha på barnefattigdom dersom endringene i barnetrygd som gjelder fra 1.1. og 1.9. 2024 tas med i beregningen?

Begrunnelse

Jeg viser til det oppdaterte notatet fra Ekspertgruppen om barn i fattige familier som ble publisert på departementets nettsider i går, torsdag 27.6.

I notatet framgår det at effekten av skattelegging er mindre enn først antatt pga en beregningsfeil hos SSB, men at ekspertgruppen fastholder sin anbefaling om at skattlegging av barnetrygden er et effektivt virkemiddel for å redusere antall fattige barnefamilier.

Slik jeg leser notatet har de nye anslagene som presenteres ikke tatt høyde for Stortingets vedtak om først å øke satsene for de eldste barna med 2 400 kroner i året fra 1. januar 2024 og dernest med ytterligere 3 072 kroner fra 1. september 2024, som i sum innebærer en økning i bevilgningene til barnetrygd med 4,3 mrd. kroner i 2025.

Jeg ber derfor om oppdaterte tabeller tilsvarende tabellene 1-3 i notatet fra Ekspertgruppen av 27.6. og tabellene 1-9 i vedlegget fra SSB som tar høyde for dette. Jeg ber videre om separate beregninger med og uten fjerning av barnefradraget.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Som nemnt i brevet vart det oppdaga ein feil i berekningane frå Statistisk sentralbyrå (SSB) til ekspertgruppas rapport “En barndom for livet”. SSB rekna med ein reduksjon i andelen barn i låginntektsfamiliar frå 11,7 prosent til inntil 6 prosent, avhengig av dei ulike forslaga om å auke barnetrygd og skattleggje ho som lønnsinntekt, som var inkludert i rapporten til ekspertgruppa. Nye berekningar frå SSB viser at tiltaket berre gir ein reduksjon av andel barn i låginntektsfamiliar frå 11,7 prosent til inntil 10,8 prosent. Eg viser både til nettsaka på departementet si nettside og SSB si nettside.

Berekninga som stortingsrepresentant Almeland etterspør, er omfattande og krevjande, og kan ikkje gjennomførast tilfredsstillande innanfor tidsramma. Samstundes veit vi allereie no at resultatet ikkje kjem til å avvike vesentleg frå dei nye tala frå SSB og ekspertgruppa. Med grunnlag i dei nye berekningane som SSB har gjort for ekspertgruppa, har ekspertgruppa illustrert ulike effektar av å auke barnetrygda, med eller utan skattlegging. Ekspertgruppa har brukt omtrentleg 5 eller 10 mrd. kroner som døme på auken. 5 mrd. kroner tilsvarar omlag nivået på 4,3 mrd. kroner som endringane som gjeld frå 1. januar og 1.september 2024 oppsummerer seg til. Dømet med 5 mrd. kroner i ekspertgruppas nye vurdering kan derfor brukast for å forstå effekten av dei nyleg gjennomførte endringane, som kan oppsummerast til 4,3 mrd. kroner.

Auke i barnetrygda og omfordeling av barnetrygda (skattlegging) påverkar andelen barn i låginntektsfamiliar, men ikkje like mykje som tidlegare berekningar tilsa. Samstundes vil dei gi fattige barnefamiliar eit betydeleg inntektsløft.