Skriftlig spørsmål fra Per-Willy Amundsen (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2440 (2023-2024)
Innlevert: 28.06.2024
Sendt: 28.06.2024
Besvart: 04.07.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Per-Willy Amundsen (FrP)

Spørsmål

Per-Willy Amundsen (FrP): Mener statsråden at plan- og bygningsloven inneholder et strengere tiltaksbegrep for strandsonen enn ellers?

Begrunnelse

Dagens forvaltningspraksis avslører en uensartet og ofte usikker omgang med tiltaksbegrepet innenfor hundremetersbeltet. Noe som medfører at aktivitet som ellers ligger klart utenfor begrepet, likevel underlegges krav om søknad og dispensasjon. Blant annet med den konsekvens at for eksempel plattinger (høyde under 0,5 m over ferdig planert terreng), som normalt ikke anses som "tiltak" (TUDEP 14/6352-3), likevel vil kunne bli regnet som søknadspliktig. Og som i praksis medfører at til og med utlegging av tråkkheller, eller fjerning av slike, medfører søknadsplikt. Sammen med alminnelig vedlikehold av plattinger i form av utskifting av selve terrassedekket, som i flere kommuner kreves utført bord for bord for å unngå søknad om tillatelse til rivning og gjenoppføring.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Kva som er eit tiltak som er omfatta av reglane i plan- og bygningsloven, går fram av § 1-6. Det er nokre fleire tiltak som blir omfatta av denne føresegna enn dei som er omfatta av § 20-1 første ledd bokstav a til n. Til dømes er også «annen virksomhet og endring av arealbruk» eit tiltak såframt det vil kome i strid med arealformål, planføresegner og omsynssoner. Det som også gjer tiltaksomgrepet vanskeleg å avgjere, er at «andre tiltak knyttet til bygninger, konstruksjoner og anlegg» kan vere eit tiltak i lovas forstand.
Det er dermed eit omgrep undergitt eit visst skjøn. Det er kommunane som er best eigna til å vurdere spørsmålet om kva som er eit tiltak, og det kan dermed vere ulike oppfatningar om dette. Kommunal- og distriktdepartementet gjev rettleiing som skal hjelpe kommunane i avgjerda.
Når det gjeld tiltak i strandsona, må tiltaksomgrepet vurderast ut frå dei omsyn som gjeld der. Så framt ikkje kommunen har fastsett noko anna i arealplan, er det i utgangspunktet byggjeforbod i strandsona i medhald av § 1-8. Kommunar som er i områder som har mindre press på sine areal, kan legge opp til større handlingsrom i si forvaltning av strandsona, jamfør statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsone langs sjø. Bakgrunnen for byggjeforbodet er å sikre omsynet til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.
Eg meiner det er eit gode at kommunane har eit visst spelerom til å avgjerde kva som er eit tiltak i lovas forstand ut frå lokale tilhøve. Den som er ueinig i kommunens avgjerd kan påklage avgjerda til statsforvaltaren.