Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2435 (2023-2024)
Innlevert: 27.06.2024
Sendt: 28.06.2024
Besvart: 01.07.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Kan statsråden redegjøre for hvordan forslag til ny barnelov følger opp på Stortingets vedtak 714 i de situasjoner hvor den saboterte forelder ikke har midler til å ta saken til retten, eller hvor den saboterende forelder ikke har betalingsevne til å betale en eventuell tvangsmulkt?

Begrunnelse

Det er i ny barnelov foreslått to nye tiltak mot samværshindring 1) Retten kan gi saboterende forelder trygghet under samværene ved å peke ut en støtteperson under oppstart av samvær og 2) Retten pålegges å treffe midlertidig avgjørelse innen 4 uker. I tillegg videreføres muligheten for tvangsmulkt.

Begge tiltak krever at saken bringes inn for retten, noe som krever store økonomiske muskler av den forelder som blir hindret i samvær. Hvis vedkommende får medhold i at det skal være samvær, men samvær fortsatt hindres, så er eneste mulighet i påvente av endelig dom at det ilegges tvangsmulkt, men i mange situasjoner vil denne ikke kunne inndrives, fordi den saboterende forelder ikke har betalingsevne ved en eventuell tvangsinndrivelse.

Siste tiltak, som er veiledning og samtaler på familievernkontorer har eksistert i mange år, men dette tiltak kan bare appellere til den saboterende foreldres gode vilje og har ingen tilknyttede tvangsmidler til gjennomføring av samvær.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Barne- og familiedepartementet har nyleg har sendt på høyring forslag til endringar i barnelova. Forslaga i høyringsnotatet har som mål å leggje til rette for likestilt foreldreskap og felles omsorg for barn etter samlivsbrot. Eg vil leggje fram ein lovproposisjon om ny barnelov våren 2025.

Høyringsnotatet handlar mellom anna om manglande oppfølgjing av fastsett bustad og samvær (samværshindring) og inneheld konkrete tiltak som skal førebyggje og løyse slike situasjonar. Når avtale eller avgjerd om samvær ikkje blir følgt opp, kan dette få alvorlege konsekvensar for barn-foreldrerelasjonen, med risiko for eit varig brot. I samværshindringssaker er det viktig å få ei rask avgjerd slik at kontakten med begge foreldre raskt blir gjenoppteken der dette er til barnets beste. Derfor føreslår eg i høyringsnotatet å innføre ei plikt for domstolen til å treffe førebels avgjerd i saker som gjeld samværshindring, viss ein part ber om det.

Det er ei rekkje dilemma og ulike omsyn i saker om samværshindring. Det vil ofte vere djup og langvarig usemje knytt til bustad og samvær for barnet i slike saker. I høyringsnotatet er det ei grundig omtale av kvifor det er krevjande å finne tiltak i desse sakene som er målretta og effektive, samstundes som dei ikkje rammar barnet på ein negativ måte. Inngrep i familielivet skal vere godt grunngitte, og staten skal aktivt leggje til rette for barns rett til kontakt med begge foreldra. Styresmaktene har mål om å leggje til rette for eit fungerande samarbeid mellom foreldra, og tilbyr mekling og foreldrestøttande tiltak. Målet er at foreldre som strevar med gjennomføring av samvær skal få eit samordna og effektivt tilbod frå aktuelle tenester og aktørar, og at dei skal oppleve å bli tekne på alvor av hjelpeapparatet.

I arbeidet med høyringsnotatet om endringar i barnelova har eg vore oppteken av å ha ein brei nok inngang til spørsmålet om økonomi som ein mogleg drivande faktor i saker om samværshindring. Eg ser også nærare på dette i arbeidet med regelverket om barnebidrag, og viser til mitt svar på spørsmål 2434 frå representanten Pettersen.

Som representanten peikar på, kan det vere økonomisk krevjande å fremje ei sak for retten. For at foreldre enklare skal kunne fremje ei foreldretvistsak for retten ved behov for dette, har barnelova spesialreglar om forenkla stemning og tilsvar i slike saker. Retten har plikt til å rettleie om dette. Foreldretvistsaker er ein prioritert sakstype under den behovsprøvde rettshjelpsordninga. Ordninga skal sikre nødvendig juridisk bistand til personar som ikkje har økonomi til å betale for rettshjelp i saker av stor personleg og velferdsmessig betydning. Det er nyleg vedteke endringar i rettshjelpslova som skal bidra til at fleire kjem inn under ordninga, ved innføring av ein ny modell for behøvsprøving. Denne endringa vil ha betydning for foreldretvistsaker.

Reglar om tvangsgjennomføring skal bidra til at fastsett samvær blir respektert og følgt opp. Reglane blei grundig gjennomgått i Prop. 161 L (2015-2016) Endringar i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), og barnelovutvalet føreslår i all hovudsak å vidareføre dagens reglar.
Representanten spør om tilfelle der forelderen ikkje har betalingsevne. Eg viser til at ordninga med tvangsfullbyrding av samvær er lite nytta. I perioden 2011-2020 fekk domstolane ca. 120 saker årleg om tvangsfullbyrding i saker om samvær. Dette utgjer ein svært liten del av dei om lag 2500 barnelovsakene som kjem inn til tingrettane årleg. Skattedirektoratet fekk dei siste åra mellom 5 og 35 saker årleg om innkrevjing av tvangsbøter med heimel i barnelova. Skatteetaten har opplyst til departementet at det er relativt høg innbetalingsprosent for denne kravtypen, der om lag 2/3 av bøtene er betalt fullt ut (tal frå februar 2023).

I høyringsnotatet peikar departementet på at det er viktig å førebyggje konflikt og løyse usemje så tidleg som mogleg, fordi eit høgt konfliktnivå er skadeleg for barn. Likestilt foreldreskap og nok insentiv for å samarbeide om felles barn etter samlivsbrot er derfor svært viktig.

Eg vil ta stilling til det vidare arbeidet med ny barnelov etter at høyringa er avslutta.