Olve Grotle (H): Den siste tida har vi sett at fleire lakseeksportørar er tekne for eksport av produksjonsfisk til utlandet. Det utan at feilretting er gjennomført og utan dispensasjon frå Mattilsynet, som er klare brot på regelverket.
Kva gjer statsråden for å sikre at eksportforbodet mot produksjonsfisk vert handheva, og at brot på regelverket får konsekvensar for dei useriøse aktørane?
Begrunnelse
Viser til sakene i media denne våren om enkelte lakseeksportørar som Mattilsynet har avdekt har selt produksjonsfisk til utlandet. Det på trass av at det er eit klart og tydeleg forbod mot sal av produksjonsfisk, og at det skal heilt ekstraordinære grunnar til for å få innvilga dispensasjon frå forbodet. Samstundes ser vi at lønsemda går ned i bransjen, men at aktørar som har vorte tekne for eksport av produksjonsfisk framleis har marginar som ligg over snittet i bransjen. Så lenge ulovleg sal av produksjonsfisk ikkje sanksjonerast, bidreg det til ei konkurransevriding og at dei seriøse aktørane i bransjen som held seg til regelverket vert svekka. Slike hendingar er med å svekke omdømmet til bransjen.