Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2430 (2023-2024)
Innlevert: 26.06.2024
Sendt: 27.06.2024
Til behandling

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Er statsråden nøgd med at ferjedrifta vert underfinansiert i kystfylka, og meiner han at dei grepa fylkeskommunen gjer for å dekke inn denne underfinansieringa er rettvis, når det no er dei reisande på dei betalande sambanda som må dekke opp delvis underfinansiering av pålegget fylkeskommunane har fått med gratis ferjer frå regjeringa?

Begrunnelse

Føljande er å finne i svar til VFK sine representantar frå fylkesordførar:

«I 2022 fekk Vestland tildelt kr 15 630 000 i revidert nasjonalbudsjett til gratis ferjer. I 2023 vart tilskot til gratis ferjer fordelt særskilt i tabell C, med kr 34 910 000 til Vestland. Frå 2024 finn ein ikkje lenger eit særskilt beløp som skal finansiere gratis ferjer. Finansiering av gratis ferjer inngår i utgiftsutjamninga i inntektssystemet. I tabell E kan ein sjå at normerte ferjekostnader for VLFK er auka frå 669,4 til 1 081,9 mill. kr. Dette skuldast i hovudsak bortfall av inntekter som følgje av gratis ferjer og reduserte takstar. (Her er det også lagt ved tabell som viser fordeling).
I samband med tertialrapporten er det prognose på overforbruk på ferje i forhold til budsjett med om lag 93 mill.kr. VLFK ligg difor i 2024 an til å bruke om lag 185 mill.kr. meir enn dei frie inntektene som er tenkt til ferjedrift.»

Dette fører til at alle ferjesamband med betaling no vert sett opp ei takstgruppe i Vestland Fylkeskommune, noko som vil føre til ei auke for reisande over dei sambanda der ein må betale.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig