Skriftlig spørsmål fra Mudassar Kapur (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2426 (2023-2024)
Innlevert: 26.06.2024
Sendt: 26.06.2024
Besvart: 04.07.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Mudassar Kapur (H)

Spørsmål

Mudassar Kapur (H): Kan statsråden angi mer nøyaktig når avgjørelsen vil komme, og konkretisere og redegjøre nærmere for hvilke «grundige vurderinger» som nå gjøres før departementet tar en avgjørelse i saken om Småhusplanen?

Begrunnelse

Jeg viser til Aftenpostens nettsak 23.6.24 om Småhusplanen i Oslo. Jeg viser til følgende uttalelser fra statsråden i den saken:

«Jeg kan forsikre at vi gjør det vi kan, for å fatte et vedtak så raskt som mulig, og at saken har høy prioritet…»

«…departementet må selvsagt gjøre grundige vurderinger av saken før vi kan ta en avgjørelse,…».

Det er viktig for utviklingen av Oslo at denne saken ikke drar ut i tid.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Eg kan diverre ikkje sei meir nøyaktig kva tid avgjerda vil kome. Som eg sa til Aftenposten, blir det så raskt som råd.
Noregs Vassdrag- og Energidirektorat (NVE) har motsegn mot småhusplanen, fordi dei meiner at planen ikkje sikrar godt nok mot fare for flaum eller kvikkleireskred. Samfunnstryggleik er eit viktig omsyn i planlegginga, og vi er alle godt kjente med kor farlege kvikkleireskred kan vere.
I motsegnssaker er det slik at andre departement som har interesse i saka, uttaler seg. I denne saka har Energidepartementet, som har ansvar for flaum og skred, støtta motsegna frå NVE. Det viser at motsegna tek opp viktige tema og at det er utfordringar med planen som Oslo kommune har vedteke.
Samstundes dekker småhusplanen eit stort område med nesten tretti tusen eigedommar. Eg har difor òg forståing for kommunen sitt argument om at dei ikkje kan undersøke alle desse eigedommane grundig før dei vedtek reguleringsplanen for småhusområda.
Det er altså krevjande interessekonfliktar som står mot kvarandre i denne saka, og det er dermed krevjande å finne ei løysning som både kommunen og vassdrags- og energistyresmaktene finn tilfredsstillande. Det er òg avgjerande at departementet fattar eit vedtak som står seg juridisk. Difor er det viktig at vi tek oss tid til å gå nøye inn i saka og vurdere ulike alternativ og kva som er handlingsrommet. Eg hadde eit godt møte om saka med Oslo kommune 4. juli og departementet kjem også til å følgje opp med ytterlegare dialog med Oslo kommune innan kort tid for å drøfte mogelege løysingar.