Skriftlig spørsmål fra Carl I. Hagen (FrP) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:2423 (2023-2024)
Innlevert: 26.06.2024
Sendt: 26.06.2024
Besvart: 02.07.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Carl I. Hagen (FrP)

Spørsmål

Carl I. Hagen (FrP): På hvilket grunnlag kan statsråden påstå at samer har et særkrav på en bestemt næring med basis i grunnlovens §108, og hvorfor er det landbruksministeren som svarer på juridiske tolkninger av ikke-diskriminerende bestemmelser i grunnloven og § 32 i reindriftsloven?

Begrunnelse

Det vises til Dokument nr. 15:1557 (2023-2024) som er besvart 22.03.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad.
I sitt svar hevder statsråden at:

«Reindrifta har eit særskilt rettsleg vern, jf. Grunnlova § 108 og reglane i folkeretten om urbefolkningar og minoritetar.»

Den aktuelle grunnlovsparagrafen er på ingen måte en ekskluderende bestemmelse. Like lite som den innebærer at kun samer kan lære samisk språk medfører den at kun samer kan drive reindrift.
Statsrådens tolkning av bestemmelsen synes ikke å ha grunnlag i bestemmelsen eller forarbeidene.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Reindrifta er ein sentral del av samisk kultur og identitet, og viktig for samisk samfunnsliv. Reindrift er ikkje berre ei næring, men òg ein viktig del av den samiske kulturarven.
Etter Grunnlova § 108 skal dei statlege styresmaktene leggje til rette for at det samiske folket, som urfolk, kan tryggje og utvikle sitt språk, sin kultur og sitt samfunnsliv.
For å legge til rette for dette kan styresmaktene iverksette tiltak for å sikre den samiske reindriftsnæringa. Styresmaktene kan gi økonomisk støtte til samiske næringar, sikre rettar til bruk av areal som er nødvendige for næringsutøving, og tilpasse regelverk og lover for å ivareta samiske interesser. Dette kan inkludere særreglar for reindrift, som kan innebere at andre ikkje har ein lik rett til å drive med denne næringa. Å sikre at samar kan drive med reindrift, vil leggje til rette for å vareta og vidareføre den samiske kulturen.
Etter reindriftslova § 9 er det berre personar med rett til reinmerke etter § 32 som har rett til å eige rein innanfor det samiske reinbeiteområdet. Eit grunnleggande vilkår for rett til reinmerke er at vedkommande er av samisk ætt. Det følgjer av reindriftslova § 4 at det berre er den samiske befolkning på grunnlag av alders tids bruk, som har rett til å utøve reindrift innanfor det samiske reinbeiteområdet. Reindrift er såleis ei spesifikk samisk næring, og dette bidreg til vern i tråd med Grunnlova § 108.
Vidare spør representant Hagen om kvifor det var landbruksministeren som gav svar på representantens skriftlege spørsmål til justis- og beredskapsministeren, jf. Dokument nr. 15:1557 (2023-2024). Spørsmålet gjaldt reindriftsloven § 32 og føresegna sitt forhold til ratifiserte menneskerettskonvensjonar og Grunnlova.
Sidan reindriftslova fell inn under mitt konstitusjonelle ansvar, blei spørsmålet oversendt frå justis- og beredskapsministeren til meg som rette fagstatsråd.