Alfred Jens Bjørlo (V): Er Helseministeren enig i at offentleglova må følgast også i helsevesenet, og korleis vil statsråden følge opp dei forholda Dagens Næringsliv har avdekka når det gjeld sluttavtaler i helsesektoren med teie-klausular, for å sikre at offentleglova blir følgd og openheiten styrka?
Begrunnelse
Dagens Næringsliv har avdekka at det i helsesektoren finst fleire teie-belagde sluttavtaler som potensielt kan bryte med offentleglova. Openheit og innsyn er avgjerande for tilliten til all offentleg verksemd, også i helsevesenet. Det er viktig at sluttavtaler i helsesektoren ikkje bryt med reglane i offentleglova, og at openheiten i helsevesenet blir styrka.