Birgit Oline Kjerstad (SV): Kven har eigedoms- og bruksrett til marine naturområder djupare enn minus to meter ved planlegging og gjennomføring av store inngrep i kystsona, og korleis vil Regjeringa sørge for å styre tilrettelegginga av infrastruktur til havvindsatinga utan store tap av verdfull kyst- og marin natur som ålegrasenger og tareskog, samt gyte og oppvektstområder for truga marine arter som til dømes kysttorsk?
Begrunnelse
I Florø i Kinn kommune, og fleire andre kystkommuner planleggast det omfattande nedbygging av kystnatur, inkludert marine naturområder. Dette mllom anna for å legge til rette for montering av 300 meter høge, flytande havvindturbinar.
Planlegginga inngår som del av eit bilete der fleire kystkommunar konkurrerer om å sikre seg aktivitet i samband med montering av havvindturbinar.
Konsekvensane av desse planane er at betydelege areal verdfull kyst- og marin natur, særleg på Sør- og Vestlandet allereie er, eller planleggast nedbygd.
Det er ikkje kjendt at det foreligg nokon heilskapleg nasjonal plan for korleis Regjeringa ønsker å handtere tilrettelegging av infrastruktur gjeldande si eiga havvindsatsing.
Det er heller ikkje kjend at det foreligg noko form for samla konsekvensutgreiing av det samla planlagte naturtapet på land og i sjø.
Eigedoms- og bruksrettane til marine naturområder djupare enn minus to meter synast også å vere uavklart. Det same gjeld bruksrettane til fjordbasseng langs kysten gjeldande permanente oppankringslokalitetar/lagringsområder av 300 meter høge, flytande havvindturbinar.