Birgit Oline Kjerstad (SV): 16. april 2024 gjorde Stortinget andre gongs vedtak, Lovvedtak 56 (2023-2024), om overføring av helsetenestene ved utlendingsinternatet ved Trandum til det offentlge helsevesenet, men omlegginga er enno ikkje sett i verk.
Kva står att å gjere før dette kan skje, og kan statsråden stadfeste om omleginga vil være på plass før 1. oktober 2024?
Begrunnelse
I revidert nasjonalbudsjett 2022, Innst 450 S( 2021-2022) vedtak nr. 831, vedtok stortinget at helsetenestene ved utlendingsinternatet ved Trandum skulle overførast til den offentlege helsetenesta, og at dette skulle kunne gjennomførast seinast innan 1. 2023.
Vedtak 831
Stortinget ber regjeringen sikre at helsetjenesten på Politiets utlendingsinternat, Trandum, legges under den offentlige helsetjenesten og at beslutningen om dette tas i løpet av 2022 slik at overføringen kan gjennomføres senest 1. juli 2023.
Prop 40 L (2023-2024) Innst. 253 L(2023 – 2024) vart handsama i Stortinget i april 2024 , og 16. april 2024 gjorde Stortinget andregongs handsaming av lovvedtak 56 (2023-2024), som var nødvendig for å gjennomføre denne ansvarsoverføringa. Gjennomføringa har blitt forsinka trass i faglig og politisk konsensus om saka ,og overføringa av ansvaret er enno ikkje sett i verk sjølv om det i 2022 vart gjort vedtak om gjennomføring innan 1. juli 2023.