Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2377 (2023-2024)
Innlevert: 20.06.2024
Sendt: 24.06.2024
Besvart: 01.07.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan kommunalministeren gjere greie for kva innstilling som går til kommunestyret si behandling frå saker i eit kommunalt føretak som skal behandlast endeleg i kommunestyret, og kan kommunedirektøren endre noko som helst på vedtaket/innstillinga frå styret i eit kommunalt føretak som går vidare via kommunen sin administrasjon til endeleg behandling i kommunestyret?

Begrunnelse

Kommunelova sin § 9 omhandlar kommunale og fylkeskommunale foretak.
Det har vorte ein debatt i Stranda kommune i Møre og Romsdal ikring mandat og kven som har innstillingsrett i saker frå eit kommunalt foretak i saker som skal til behandling i kommunestyret, i dette tilfellet gjeldande Stranda hamnevesen KF.
I § 9-16 gjelder forholdet til kommunens administrasjon, der det står sitat:

"Kommunedirektøren i kommunen eller fylkeskommunen har ikke instruksjons- eller omgjøringsrett overfor foretakets daglige leder.
Kommunedirektøren kan instruere styret og daglig leder om at et vedtak i foretaket ikke skal iverksettes før kommunestyret eller fylkestinget har behandlet saken.
Kommunedirektøren skal gis anledning til å uttale seg før styret treffer vedtak i saker som også skal behandles av kommunestyret eller fylkestinget. Uttalelsen skal legges fram for styret i foretaket når styret skal behandle saken. Styrets vedtak skal sendes til kommunestyret eller fylkestinget via kommunedirektøren."

Det står i lova at kommunedirektøren skal gis anledning til å UTTALE seg før styret treffer vedtak i saker som skal behandles av kommunestyret, og at ein slik uttale skal legges fram for styret i foretaket når styret behandler saken.
Ein slik uttale frå kommunedirektøren vil sjølvsagt følge saka vidare til kommunestyret.

Vidare står der at

"styrets vedtak skal sendes til kommunestyret via kommunedirektøren."

Debatten som har vore i Stranda kommunestyre ikring dette, er at nokon oppfattar det som om det er kommunedirektøren som skal innstille i saka vidare til kommunestyret i slike saker, og dermed kunne omgjere heile innstillinga frå styret i føretaket, noko det vanskeleg kan tolkast slik.
Dersom det skal gje noko meining i at kommunedirektøren har rett til ein uttale i saker som styret i det kommunale føretaket sender til behandling seinare i kommunestyret, vil det åpenbart vere tilrådinga frå styret sitt vedtak som går via administrasjonen i kommunen, til kommunestyret.
Enkelte har oppfatta lova ikring dette slik at kommunedirketøren kan omgjere styret sitt vedtak som innstiller til sak som skal vidare til kommunestyret, dette ville i så fall også gjelde årsbudsjett, årsrekneskap og andre omfattande saker frå det kommunale føretaket.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Eg tek ikkje stilling til den konkrete saka representanten refererer til, men gjer her greie for reglane om kommunale føretak.

Kommunale føretak har ei særskild stilling etter kommunelova. Dei er ein del av kommunen, men det går fram av § 9-8 at styret for føretaket «har myndighet til å treffe vedtak i alle saker som gjelder foretaket og dets virksomhet». Vidare er dagleg leiar av føretaket direkte underordna styret og skal følge dei retningslinjene og pålegg som styret gir, jf. § 9-12. Det følger av § 9-9 siste ledd at det er styret som legg fram årsrekneskapen og årsberetninga for føretaket for kommunestyret eller fylkestinget, jf. § 14-2 bokstav b. Elles gjeld kommunelova så langt det passar for kommunale føretak, jf. § 9-1 siste ledd.

Føretaka sitt forhold til administrasjonen er regulert i kommunelova § 9-16. Første ledd fastslår at kommunedirektøren i kommunen eller fylkeskommunen ikkje kan instruere dagleg leiar om korleis han eller ho skal utøve si mynde, eller gjere om vedtak som dagleg leiar har fatta. Dette er eit unntak frå § 13-1 som seier at kommunedirektøren leiar den samla kommunale eller fylkeskommunale administrasjonen.

Etter andre ledd kan kommunedirektøren likevel instruere både styret og dagleg leiar om at vedtak dei har fatta, ikkje skal setjast i verk før kommunestyret eller fylkestinget har handsama saka. Dersom kommunedirektøren nyttar seg av retten til å bringe ein sak inn for kommunestyret eller fylkestinget, kan vedtaket ikkje setjast i verk før kommunestyret eller fylkestinget har sagt seg einig i vedtaket.

Det følgjer av tredje ledd at kommunedirektøren skal få høve til å uttale seg før styret treff vedtak i saker som også skal handsamast av kommunestyret eller fylkestinget. Uttalen skal leggjast fram for styret i føretaket når styret skal handsama saka. Dette gjer at kommunedirektøren kan informere styret om sitt syn på saka, slik at styret kan ta dette med i vurderinga før dei treff sitt vedtak. Det følgjer også av tredje ledd at styret sitt vedtak skal sendast til kommunestyret eller fylkestinget via kommunedirektøren.

Kommunedirektøren har ansvar for å sjå til at saker som blir lagt fram for folkevalde organ er forsvarleg utgreidd, jf. § 13-1 tredje ledd. I dei fleste tilfella vil kommunedirektøren allereie ha gitt merknadene sine til saka før styret i føretaket handsamar den. I så fall vil kommunedirektøren si rolle etter at styret i føretaket har handsama saka, normalt vere å ekspedere saka vidare til kommunestyret eller fylkestinget. Kommunedirektøren kan etter § 13-1 tredje ledd gi supplerande opplysningar ved oversendinga til kommunestyret eller fylkestinget, til dømes dersom saka har teke ei anna retning etter at den var lagd fram for kommunedirektøren. Kommunedirektøren kan også uttale seg om saka ved handsaminga i kommunestyret eller fylkestinget i kraft av møte- og taleretten etter § 13-1 femte ledd.