Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:2369 (2023-2024)
Innlevert: 21.06.2024
Sendt: 21.06.2024
Rette vedkommende: Utviklingsministeren
Besvart: 28.06.2024 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Vil regjeringa auka støtta til Sudan, i så fall korleis, og korleis arbeider Noreg for at FN skal auka innsatsen sin?

Begrunnelse

Meir enn eit år etter at krigen braut ut i Sudan er situasjonen katastrofal. Helsesystemet har kollapsa. Humanitære aktørar, sjukehus og helsearbeidarar blir angripne og hindra i å gjera jobben sin, og millionar av menneske står overfor ein svoltkatastrofe. Leger Uten Grenser slår no alarm om ein svært mangelfull humanitær respons og meiner FN og andre aktørar må auka innsatsen med det same.
Noreg si støtte til humanitært arbeid i Sudan var i 2023 på om lag 345 millionar kroner. Situasjonen har blitt verre sidan i fjor. Berre 16 % av FNs naudhjelpsappell er finansiert. Likevel reduserer Noreg den økonomiske støtta til Sudan i 2024.

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp)

Svar

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim: Takk for spørsmål som set søkelyset på den katastrofale humanitære situasjonen i Sudan. Eg er djupt bekymra over utviklinga i Sudan. Det er ei av verdas verste humanitære kriser, og samstundes ei krise som ikkje har fått tilstrekkeleg merksemd. Noreg har ikkje gløymt Sudan.
Det er dei krigførande partane sitt ansvar å avslutte krigen. Humanitærretten pålegg dei og å beskytte sivile og sikre at dei har tilgang til naudhjelp. Noreg gjer det vi kan for å bidra til å finne ei løysing. Vi har ei spesiell rolle i Sudan gjennom vårt langvarige engasjement i landet. Noreg har sidan krigens utbrot engasjert oss diplomatisk for å få partane til å stanse krigshandlingane, beskytte sivilbefolkninga og sikre humanitær tilgang slik at naudhjelpa når fram til dei som treng ho.
Noreg var og ein av pådrivarane for å opprette ei overvakingsmekanisme i FN sitt menneskerettighetsråd, som skal dokumentere eventuelle brot på krigens reglar, menneskerettane og lovbrot mot menneskeslekta begått av partane i krigen. 
Som representanten peiker på, ga Noreg eit rekordhøgt beløp til Sudan i fjor. 2023 var eit ekstraordinært år, med eit rekordhøgt humanitært budsjett. Det skuldtes mellom anna den ekstraordinære eittårige «Sør-pakka» i Prop. 44S (2023-2024). Halvparten av desse midlane gjekk til humanitære formål. Det gjorde oss i stand til å auke den humanitære støtta til Sudan etter at krigen braut ut.
Noreg er ein betydeleg humanitær givar til Sudan. I år vil vi og gi minst 200 millionar kroner i humanitær støtte til Sudan. I tillegg kjem fleksibel finansiering til FN, samt støtte til nabolanda, som har tatt imot over to millionar flyktningar frå Sudan sidan konflikten starta.
Den norske støtta går mellom anna til livsviktig matvarebistand, helsehjelp, psykososial naudhjelp til overlevande for seksuell vald, samt støtte til flyktningar og internt fordrivne. Vi har og støtta lokal produksjon av mat, støtte til bakeri og lokale suppekjøkken, samt andre tiltak for å styrke mattryggleiken i Sudan. 
Ei hovudutfordring i Sudan har vore at partane på ulike måtar hindrar den humanitære tilgangen. Sidan krigen starta har vi halde tett kontakt med humanitære samarbeidspartnere som er til stades i Sudan. Både utanriksministeren og eg har engasjert oss diplomatisk for å betre situasjonen.
Vi ser og på korleis vi kan støtte FN i å betre den humanitære tilgangen. Det er avgjerande for å sikre at hjelpa når fram til befolkninga som treng ho.