Alfred Jens Bjørlo (V): Vil justisministeren ta initiativ til å gjennomgå praksis og retningsliner for korleis menneskelege omsyn og skjønn blir vurdert i saker som gjeld opphaldsløyve for personar utan avklart identitet som har levd lenge i Noreg, slik at ein i større grad kan vektlegge butid, familierelasjonar og tilknyting til Noreg og finne ein praksis som gjer at folk slepp å leve eit heilt liv i uvisse om framtida, slik vi no seinast ser i ei aktuell sak i Bremanger kommune i Vestland?
Begrunnelse
Nylig har endå ei sak der godt integrerte enkeltmenneske utan avklart identitet blir tvungne til å forlate lokalsamfunnet der dei bur og høyrer til, vekt stort engasjement – denne gong i Bremanger kommune i Vestland, jmf. mellom anna Fjordenes Tidende 20. juni.
Desse sakene vekker stort engasjement fordi det er snakk om folk som har budd i Noreg over lang tid og er godt integrert. I saka i Bremanger har den aktuelle personen budd i bygda i 16 år.
Det er viktig å vite kven som oppheld seg i Noreg. Men ein må samtidig klare å finne verdige løysingar for menneske som har vore tiår i Noreg etter å ha rømt i all hast frå krig og konflikt, og der situasjonen i heimlandet gjer at det framleis ikkje er mulig å stadfeste sikker identitet – utan at dei personane det angår kan lastast for det.
Eg vil peike på at det finst opning i utlendingslova for å gi opphald på grunnlag av sterke menneskelege omsyn. Utlendingsstyresmaktene har høve til å utøve skjønn og vektlegge sterke menneskelige omsyn i slike enkeltsaker som gjeld personar som har venta i årevis på å få avklart sin status og lever eit liv i limbo – som etter underteikna sitt syn ikkje er verdig Noreg og norske verdiar.