Skriftlig spørsmål fra Une Bastholm (MDG) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2348 (2023-2024)
Innlevert: 20.06.2024
Sendt: 20.06.2024
Besvart: 27.06.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Une Bastholm (MDG)

Spørsmål

Une Bastholm (MDG): Regjeringen har avviklet heistilskuddet til borettslag og sameier. Dette ga flere mennesker med funksjonsnedsettelser mulighet til å bli boende i egne boliger, for eksempel etter å ha vært utsatt for ulykker eller sykdom.
Har regjeringen oversikt over hvor mange som siden regjeringens stans i tilskuddet har måttet flytte fra hjemmene sine pga. mangel på universell utforming i form av heis, og vil regjeringen sørge for å gjeninnføre tilskuddet for budsjettet i 2025?

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Tilskot til prosjektering og installering av heis blei avvikla i statsbudsjettet for 2023. I 2022 som var det siste året Husbanken gav tilsegn om tilskot til heis, ga dei tilsegn til tilskot for 45 millionar kroner til etterinstallering av 24 heisar til totalt 452 bustadar. Husbanken prioriterte søknader frå sameigar og burettslag kor ein stor del av bebuarane var over 60 år. I 2022 gav Husbanken òg tilsegn om tilskot til prosjektering av 25 heisar i bygg med 247 bustader.
Bilete er nok meir samansett enn representanten vil ha det til. Folk kan flytte av mange grunnar, så det er ikkje mogleg å seie noko om eventuelle konsekvensar av endringa. Det er andre kvalitetar ved bustaden enn heis som gjer det mogleg å bli buande heime når funksjonsevna reduserast. Eg er opptatt av at kvar enkelt gjer gode grep og planlegg eigen busituasjon for alderdommen, men eg er òg opptatt at det offentlege skal leggje til rette for at den enkelte skal kunne gjere gode val. Fleire eigna bustader i heile landet er eit sentralt tiltak i Bustadmeldinga. I meldinga viser vi til at regjeringa mellom anna vil gi kommunane betre rettleiing i å planleggje for bustader til eldre og at vi vil fornye Husbanken sitt lån til livsløpsbustader. På oppdrag frå helse- og omsorgsministeren og meg iverksett no Husbanken «Eldrebustadprogrammet». Programmet skal gjelde i fire år og det inneheld ei rekke tiltak som samla skal bidra til fleire eigna bustader for eldre. Regjeringa har ikkje planar om å gjeninnføre tilskotet til heis i 2025.