Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2329 (2023-2024)
Innlevert: 18.06.2024
Sendt: 18.06.2024
Besvart: 20.06.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kva vil det berekna vedlikeholdsetterslepet på fylkesvegane verte i slutten av denne NTP-perioden etter regjeringa sitt NTP-grunnlag?

Begrunnelse

Regjeringa legg til grunn i sin eigen NTP auka overføringar til fylkesvegane på 800 mill. kr årleg dei fyrste 6 åra og noko høgare dei siste 6 åra i planperioden.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Fylkesveg finansierast i all hovudsak over rammetilskotet til Kommunal- og distriktsdepartementet som ein del av dei frie inntektene til fylkeskommunane.
Den finansielle ramma i Nasjonal transportplan 2025-2036 til fylkesveg utgjer berre ein mindre del av det fylkeskommunane har av midlar til fylkesveg. Det er difor ikkje mogleg å berekne korleis etterslepet på fylkesveg vil vere mot slutten av NTP-perioden, da dette også vil vere avhengig av korleis fylkeskommunane prioriterer sine midlar. I 2022 brukte fylkeskommunane 22,9 mrd. kr. til drift, vedlikehald og investering på fylkesvegnettet.
Regjeringa har lagt opp til ein satsing på fylkesveg i Nasjonal transportplan 2025-2036, og dette inneberer totalt 65 mrd. kr til fylkesveg og ei auke på totalt 15,7 mrd. kr over tolvårsperioden samanlikna med flat vidareføring av 2024-budsjettet. Denne satsinga vil sette fylkeskommunane i betre i stand til å ta vare på fylkesvegnettet.