Skriftlig spørsmål fra Hans Andreas Limi (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2326 (2023-2024)
Innlevert: 17.06.2024
Sendt: 18.06.2024
Besvart: 24.06.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Hans Andreas Limi (FrP)

Spørsmål

Hans Andreas Limi (FrP): Jeg viser til statsrådens svar av 24.11.2022 på skriftlig besvarelse nr. 466 vedr. oppfølging av Stortingets enstemmige vedtak om gjennomgang av regler for "slokkevann": "Eg har nyleg fått innspel frå Justis- og beredskapsdepartementet med nokre vurderingar frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Direktoratet for Byggkvalitet skal no gå igjennom desse innspela før dei ferdigstiller og publiserer teksten i rettleiaren til byggteknisk forskrift."
Jeg har gjentatte ganger etterlyst fremdrift og vil gjerne vite status pt.?

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Status er at Direktoratet for byggkvalitet i samarbeid med Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap har endra rettleiaren til byggteknisk forskrift § 11-17, slik at det no er tydelegare når det kan prosjekterast med tankbil som sløkkevatn. Endringane i rettleiaren blei publisert 17. februar 2023. I Prp. 1 S (2023 –2024) og Meld. St. 4 (2023 –2024) rapporterte departementet at oppmodingsvedtaket er følgt opp med dette.