Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2304 (2023-2024)
Innlevert: 12.06.2024
Sendt: 17.06.2024
Besvart: 02.07.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan kommunalministeren forklare kvifor lokalsamfunnet i Stranda sentrum på Sunnmøre blir behandla slik av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, der klagar ikkje vert behandla og eigne åpenbare grove saksbehandlingsfeila i denne saka overhode ikkje vert retta opp og vedtaket endra?

Begrunnelse

Viser til spørsmål nr. 1592 ang. ladestasjon for ferjekai i Stranda sentrum i Møre og Romsdal som vart svart ut av kommunalministeren.
I denne saka her er Statsforvaltaren på full fart til å overkøyre eit heilt lokalsamfunn, sjølv om statsråden viser til at Statsforvaltaren kan gjere om sitt vedtak i saka. Dersom ikkje kunne departementet behandle saka endeleg.
Byggeutstyr har kome til Stranda sentrum der ein tydelegvis har tenkt å bygge dette skandaløse ladeanlegget, der lokalbefolkninga verkeleg lurer på kva kommunalministeren har tenkt å gjere med dette. Kan Statsforvaltaren seriøst holde på slik.
Viser her til svaret frå kommunalministeren:
Sitat frå svaret frå kommunalministeren:

"Eg ser at det blir peika på grove saksbehandlingsfeil, og i så tilfelle har forvaltningslova ein tryggingsventil som sikrar at vedtak kan opphevast eller gjerast om. Det er strenge vilkår til ei slik vurdering, jf. forvaltningslova § 35. Både statsforvaltaren og departementet kan vurdere omgjering, likevel er det inga plikt til å vurdere saka etter forvaltningslova § 35.
Statsforvaltaren har kompetanse til å gjere om sitt eige vedtak, og det er ofte formålstenleg at statsforvaltaren sjølv vurderer merknader om feil rettsbruk, feil saksbehandling eller feil i vurderinga av fakta. Departementet sender derfor mottekne omgjeringskrav til statsforvaltaren for vurdering, dersom dei ikkje allereie er vurderte der. Dersom statsforvaltaren ikkje gjer om saka, og krav om omgjering kjem til departementet, så tek departementet stilling til kravet. I dei tilfella der departementet har funne grunn til å sjå nærare på saka, er det svært sjeldan at departementet har gjort om eit endeleg vedtak.
Forvaltningslova § 35 er berre ein tryggingsventil som gir forvaltninga heimel til å gjere om ugyldige vedtak."

I denne saka her ER det åpenbart grov saksbehandlingsfeil, då det i ettertid er avdekka at det er bygd ladestasjonar fleire stadar i Møre og Romsdal ved andre ferjekaier, der ladestasjonane står heilt opp mot 70-100m vekk frå ladeanlegget på sjølve kaia.
Hovudargumentet for Fjord 1 og saksbehandlinga hjå Statsforvaltaren, var akkurat at det ikkje var teknisk mogeleg å bygge dette ladeanlegget i avstand frå ferjekaia i Stranda sentrum.
Det er sendt bilder og dokumentasjon av dette til Statsforvaltar frå meg, men med null respons.
Ellers er dette svært enkelt å sjekke for statsråden, berre å sjå på til dømes ferjekaia på Furneset i Vestnes kommune, der batteripakken står ca. 80-100 m vekk frå kailadetårnet.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Først vil eg presisere at det ikkje er snakk om ei klage etter forvaltningslova, men oppmoding om omgjering. Som tidlegare peika på, er saka endeleg avgjort i forvaltninga med vedtaket til statsforvaltaren. Høve til omgjering i forvaltningslova § 35 er ein tryggingsventil med strenge vilkår, som berre gir forvaltninga heimel til å gjere om ugyldige vedtak. Statsforvaltaren har altså berre høve til å gjere om det endelege vedtaket dersom det er ugyldig. Forvaltninga har i utgangspunktet inga plikt til å gjere denne vurderinga, og det er då heller ingen tidsfristar.
Eg forstår at det er frustrerande å sjå at byggjetiltaka blir setje i gang, når ein meiner at vedtaket er ugyldig. Dersom det skulle vise seg at vedtaket er ugyldig, og blir omgjord, så kan det mellom anna bli spørsmål om erstatningskrav og pålegg om retting. Det er òg viktig for forvaltninga å handsame saka raskt, dersom det blir oppdaga alvorlege feil.
Eg har fått opplyst at statsforvaltaren har fått ei oppmoding om omgjering, som framleis er til behandling. Departementet har ikkje føresetnad for å uttale seg nærare om saka.