Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2303 (2023-2024) Innlevert: 14.06.2024 Sendt: 14.06.2024 Besvart: 21.06.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide
Ingrid Fiskaa (SV): I stortingsmeldinga om eksport av forsvarsmateriell i 2023 går det fram at Forsvaret utførte materiell til Israel for "etterforsyning, reparasjon, retur og til eigne styrker" i 2023. Kva vart eksportert til Israel og kan utanriksministeren garantere at utstyret ikkje har blitt brukt i Israels brutale krig mot Gaza?
Espen Barth Eide: Regjeringa er oppteken av at Noreg ikkje bidreg til Israels folkerettsbrot i Palestina. Regjeringa tillèt ikkje eksport av våpen eller ammunisjon frå Noreg til Israel. Det same gjeld fleirbruksvarer til militær bruk i Israel. Norsk eksportkontroll er streng og i samsvar med våre internasjonale plikter. Utanriksdepartementet avslår søknadar om eksport dersom det finst kunnskap om at det militære utstyret kan bli brukt til å gjere seg skuldig i folkemord, brotsverk mot menneskeslekta eller krigsbrotsverk.Informasjonen det vert vist til i spørsmålet går fram av tabell 10.12 i St. Meld. St. 25 (2023–2024) Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2023, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid. Tabellen viser Forsvarets utførslar av eige materiell i 2023 for etterforsyning, reparasjon, retur og til eigne styrker. Dette er ikkje eksport eller sal, men materiell Forsvaret sjølv eig eller disponerer til eige bruk. Dette er unntatt lisensplikt etter eksportkontrollforskrifta § 8, bokstav h. Forsvarets utførslar av eige materiell til Israel i 2023 gjeld utstyr til norsk FN-personell i området.