Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2287 (2023-2024)
Innlevert: 12.06.2024
Sendt: 13.06.2024
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 20.06.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram kva økonomisk kompensasjon Møre og Romsdal Fylkeskommune har fått i sitt budsjett i overføringane for 2024 for å dekke inn inntektsbortfall pga. halvering av ferjeprisane?

Begrunnelse

Regjeringen har innført halvering av ferjetakstane rekna frå 1/1-2021, og kompensert ferjefylka for dette i inntektsnøkkelen til dei enkelte fylka.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Eit av måla i Hurdalsplattforma er å redusere billettprisane med 50 prosent samanlikna med billettprisane 1. januar 2021. Regjeringa har òg sett gratis ferje som et mål på alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg, samt ferjer til øyer og andre samfunn utan vegforbindelse til fastlandet. Det har vi no lagt til rette for, og staten har kompensert fylkeskommunane for inntektsbortfallet gjennom auka overføringar over rammetilskotet.
Dei to tiltaka – gratis ferjer for somme samband og halvering av prisane på resten – har blitt innført gradvis frå 2021 til i dag, og får heilårsverknad med full effekt frå 2024. Den samla kompensasjonen for fylkeskommunane i 2024 summerer seg til om lag 1 046 mill. kroner (prisjustert til 2024-kroner). Dette beløpet inkluderer òg midlane som Solberg-regjeringa foreslo til takstreduksjonar i 2022, jf. Prop. 1 S (2021-2022). Av beløpet på 1 046 mill. kroner, utgjer det 258 mill. kroner.
Frå og med 2024 er kompensasjonen for både gratis ferjer og reduserte ferjetakstar fordelt gjennom ein justert versjon av kriteriet normerte ferjekostnader i kostnadsnøkkelen, i tråd med forslaget frå regjeringa i Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024. Justeringane som er gjort i ferjekriteriet skal sikre at kompensasjonen for takstreduksjon og gratis ferjer blir fordelt mest mogleg riktig. Dei fylkeskommunane som har den største reduksjonen i billettinntekter, skal òg ha den største delen av kompensasjonen. I praksis skjer dette ved at kompensasjonen er fordelt om lag som etter fylkeskommunane sin prosentdel av dei estimerte billettinntektene i utrekninga av ferjekriteriet.
Ei endring i modellen for å rekne ut ferjekriteriet frå og med 2024 gjer at det ikkje er mogleg å berekne nøyaktig korleis kompensasjonen for gratis ferjer og/eller reduserte ferjetakstar er fordelt til den enkelte fylkeskommunen. Justeringane i utrekninga av kriteriet bygger mellom anna på analysar av billettinntektene slik dei var våren 2022, altså etter at takstane allereie var justert ned samanlikna med januar 2021. Dette gjer det umogleg å isolera dei ulike effektane for den einskilde fylkeskommunen, sidan ein ikkje har tal på korleis modellen for å estimere billettinntekter ville vore utan takstreduksjon og gratis ferje. For å gjere ei slik berekning ville det òg vore nødvendig å hente inn grunnlagsdata for ferjesambanda som i dag er gratis, som departementet ikkje har og som truleg ikkje finst. Med den nye modellen blir det mellom anna teke omsyn til kor stor del av køyretøya på eit ferjesamband som nyttar rabattordningar. Opplysningar om dette finst ikkje for samband som er gratis, sidan dei uansett ikkje tek betaling.
Dette betyr at det ikkje er mogleg å berekne korleis ferjekriteriet ville vore utan takstreduksjon og gratis ferjer, og dermed kan ein heller ikkje berekne korleis kompensasjonen på 1 046 mill. kroner er fordelt i forslaget til statsbudsjett for 2024.