Jenny Klinge (Sp): Foreldre og elevar som ikkje støttar Pride, eller som ikkje har tatt stilling til saka og som derfor ikkje ønskjer å markere ho, må likevel godta flagging med Pride-fane på skular der kommunane eller rektor gjennomfører dette, Dette handlar om ytringsfriheit, om retten både til å ytre seg og til ikkje å ytre seg.
Meiner statsråden at det å ønske at markeringar av meiningar og politiske haldningar skal vera frivillige, og å vera mot tvang i tilfellet Pride, er det same som å ville forby folk å feire kjærleik?
Begrunnelse
Evna hos leiande politikarar til å tenkje prinsipielt om demokratiske verdiar og rettar som ytringsfriheit er vesentleg for å oppretthalde desse verdiane og rettane. Samfunnet vårt har gått timilssteg framover i retning aksept av homofili dei siste tiåra, noko som er positivt både for dei homofile og for samfunnet som heilskap. Mange av oss som støttar kampen for mangfald og aksept er imidlertid skeptiske til Pride fordi denne rørsla har fleire problematiske sider ved seg i tillegg til det som dei aller fleste kan støtte; det som gjeld kjærleik og toleranse. Og veldig mange har ein prinsipiell inngang til dette: at ytringsfriheit både handlar om retten til å ytre noko og til ikkje å ytre noko.
No ser vi ei utvikling i samfunnet som går motsett veg av toleranse og respekt for andre. Dette skjer ved at vi som meiner det må vera frivillig å feire Pride og/eller som har innvendingar til ideologien bak blir stempla som intolerante og hatefulle utan grunn. Vener blir altså gjort til fiendar, og frivilligheit blir erstatta meir og meir med parade- og flaggingstvang. Det blir skapt ein falsk motsetnad mellom dei "gode" som er for tvang og dei "vonde" som meiner markeringar må få vera frivillig. Den 6. juni sa Jaffery dette til NRK radio som ein kommentar til at Ålesund kommune skulle avgjera om skulane skulle flagge eller ikkje:
"Regjeringa for eksempel skal jo feire med Pride. Og eg meiner det at i 2024 bør vi ha kome lenger enn at vi driv og forbyr folk å feire kjærleik."
Eg meiner det er skummelt polariserande når mange i Pride-rørsla og til og med ein statsråd uttaler seg etter ein så tydeleg svart-kvitt-tankegang. Det er ingen grunn til å laga eit oss-mot-dei-samfunn basert på kven som er for tvang eller ikkje. Og det er i alle fall ikkje grunn til å utrope dei som er for tvang til dei moralske vinnarane.
Kampen for toleranse og mangfald gjekk godt framover før Pride kom inn i biletet. No kan den strenge peikefingeren som blir retta mot oss som ikkje vil innordne seg ein bestemt måte å markere på bli det største hinderet mot vidare framgang i homokampen. For slik stempling og fordømming verkar polariserande. Polarisering avlar ekstremisme og det er det siste vi nordmenn treng, uansett legning.