Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2262 (2023-2024)
Innlevert: 10.06.2024
Sendt: 10.06.2024
Besvart: 14.06.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Då kommunal- og distriktsministeren i februar 2024 ga det nederlandske selskapet Bontrup grønt lys til å sprenge ut fjellet Aksla i Bremanger i eit særmerkt og urørt natur- og kulturlandskapsområde av nasjonal verdi, i strid med alle faglege råd og til internasjonale protestar, var departementet då kjend med at selskapet sin reelle plan med prosjektet er å bygge eit storskala vasskraftverk med eit framtidig vassbasseng på 180 mill. m³, og i tilfelle ikkje – korleis ville det ha påverka måten saka vart handsama på i forvaltinga?

Begrunnelse

I KDD sitt godkjenningsbrev av detaljreguleringsplan for Aksla i Bremanger er det sagt at føremålet med planen er å «..leggje til rette for eit steinbrot med produksjon av pukk og andre mindre steinfraksjonar på fjellet Aksla, ca. 590 moh» og å bygge ei utskipingskai for denne steinen. Fjellet Aksla er i følgje tiltakshavar og KDD «..ein nasjonalt viktig førekomst av devonsk sandstein.»

Det nederlandske selskapet Bontrup har allereie eit steinbrot for uttak av stein i området, men «Sjølv om dei to steinbrota skal drivast uavhengig av kvarandre, har både utbyggar og kommunen peikt på at det vil vere ein stor fordel med to utskipingskaiar, mellom anna fordi det tidvis er lang ventetid på den eksisterande kaia på Dyrstad.»
Føremålet med å godkjenne planen er i følgje KDD å legge til rette for auka uttak av stein, og ei ny kai for utskiping av steinen.

Går ein inn på selskapet Bontrup sine nettsider, blir føremålet med prosjektet framstilt heilt annleis overfor investorar og andre eksterne interessentar. Her blir Aksla-utsprenginga framstilt som eit gigantisk kraftutbyggingsprosjekt, der føremålet er å sprenge ut eit vassbasseng på 130 mill m2 som selskapet så skal bruke til kraftproduksjon (energilagringskapasitet på 150 GWh) og koble på det norske straumnettet, jmf www.bontrup.com/bremanger-quarry/

Det framstår for underteikna som noko merkeleg, for å seie det forsiktig, at det selskapet sjølv seier er hovudformålet med prosjektet ikkje er nemnd med eit ord i departementet sitt godkjenningsbrev av prosjektet.

Utbyggingsprosjekt av større vasskraftverk i Noreg følgjer vanlegvis ei heilt anna prosedyre enn det som er gjort i dette tilfellet, og er styrt av eit anna lovverk enn det denne saka har vore handsama under.

Underteikna vil difor vite om departementet har vore kjend med at det reelle formålet med Aksla-prosjektet er etablering av eit storskala vasskraftverk. Dersom departementet var kjend med det, er det interessant å vite kvifor det ikkje er nemnd i vedtaket. Og om departementet ikkje var kjend med det, er det interessant å vite om det at føremålet med prosjektet i realiteten er ei storskala kraftutbygging i regi av eit nederlandsk selskap, ville ha ført til at prosjektet vart handsama annleis i forvaltinga enn det som her har skjedd.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Den vedtekne reguleringsplanen for Aksla opnar ikkje for annan aktivitet enn eit steinbrot og ei ny kai for utskiping av steinen. Spørsmålet om å eventuelt etablere eit kraftverk har ikkje vore tema i departementet sin handsaming av motsegnssaka, og etter det eg har fått vite heller ikkje i den tidlegare prosessen mellom kommunen og motsegnsstyresmaktene.
Bruk av steinbrota til lagring av kraftreserve skal vere nemnt som ein mogleg etterbruk av både eksisterande steinbrotet på Dyrstad og framtidig steinbrot på Aksla. Dette er ikkje noko som er nærare konkretisert eller søkt om, og det vil sjølvsagt måtte avklarast gjennom ein eigen søknadsprosess i høve til gjeldande regelverk dersom dette seinare skulle bli aktuelt.
Utover det kan eg ikkje svare for det som står på nettsida til selskapet.