Sigrid Zurbuchen Heiberg (MDG): Vil statsråden starte prosessen med å etablere ein nasjonalpark i Nordmarka?
Begrunnelse
Østmarka nasjonalpark er landets første bynære nasjonalpark, noko MDG og mange andre har jobba for lenge. Nasjonalparken viser at vern og friluftsliv i eit svært mykje brukt naturområde kan styrkast og kombinerast på vellukka vis. Nordmarka nasjonalpark bør vere eit naturleg neste steg. Nordmarka har stort biologisk mangfald, inkludert mange artar som er trua av utrydding, og er eit enormt viktig friluftsområde. Gjennom tidene har det vore drive mykje rovdrift på naturen i Nordmarka, men dei siste åra har det skjedd store positive endringar.
Oslo og området rundt er svært artsrikt, Oslo kommune er truleg den kommunen som har det høgste biologiske mangfoldet i Norge. Samtidig er presset på det rike naturmangfoldet her stort, og skogbruk med industrielt preg har redusert artsmangfoldet kraftig. I følge Miljødirektoratets naturinndeks er tilstanden for skog på Østlandet svært dårlig, ein gjennomsnittsscore på berre 0,4, dvs. at 60 % av dei naturlege økologiske funksjonane er øydelagt. Behovet for tiltak er difor stort, særleg i artsrike område rundt store befolkningssentra.
Oslo kommune eig delar av Nordmarka, og i kommunens delar blir det no restaurert store område med skog. Gamle myrområde som for mange år sidan blei grøfta, har blitt fuktige våtmarksområde igjen. Kommunen har gjennomført ei drastisk omlegging til skånsam plukkhogst og fleiralderskogbruk, der mange av trea får stå igjen slik at dei kan bli gamle og gi varierte leveområde for eit rikt mangfald av plantar, sopp, insekt og dyr. Dette gir ein meir opplevingsrik og spennande natur, og det kjem besøk frå inn- og utland for å lære av Oslos grøne skogrevolusjon.
I dei privateigde delane av Nordmarka står det ikkje like bra til. Her blir det drive industrielt skogbruk med flatehogst på store areal. Ønske om utbygging av breie skogsbilvegar for å få fram maskiner og lastebilar pressar på, og politikarar og byråkratar har lett for å gi etter. Høgre-byrådet i Oslo vil bygge idrettsanlegg i randsona til marka.