Ingrid Fiskaa (SV): Kvifor inkluderer ikkje regjeringa sin gjennomgang av Noregs forpliktingar etter Folkemordkonvensjonen artikkel 1 ei vurdering av norske våpen og våpenkomponentar som vert reeksportert til Israel via tredjeland?
Begrunnelse
4. juni kom regjeringa med den lenge etterspurde gjennomgangen av om Noreg oppfyller forpliktingane sine etter Folkemordkonvensjonen i lys av avgjerdene til Den internasjonale domstolen 26. januar og 28. mars i saka mot Israel. Regjeringa konkluderer der med at (i) det ikkje er sikkert at det ligg føre alvorleg risiko for folkemord, (ii) Noreg ikkje er underlagt streng aktsemdsnorm overfor Israel, og (iii) Noreg motverkar aktivitetar som støttar som støttar opp om det moglege folkemordet.
Regjeringa gjer inga vurdering av om eksporten av norske våpen og våpenkomponentar som endar opp i Israel via tredjeland strir med avgjerda frå Den internasjonale domstolen (ICJ). Gjennomgangen avgrensar seg vidare til Noreg sine forpliktingar etter Folkemordkonvensjonen og diskuterer ikkje forpliktingane våre etter Genevekonvensjonen, til trass for at regjeringa gjentekne gonger har påpeikt at Israel utøver krigsbrotsverk i Gaza.
Den internasjonale Røde Kors-komiteen, som i mandatet sitt skal informera om den internasjonale humanitærretten og sjå etter at statar respekterer denne, har peika på at statar må avstå frå å senda våpen og våpenkomponentar til ein annan stat dersom det er sannsynleg at varene blir reeksporterte til staten som bryt humanitærretten.
Noreg kan avgrensa Israels våpentilgang dersom me hindrar reeksporten av norske våpen og våpenkomponentar. At Noreg gjer alt me kan for å motverka aktivitetar som støttar opp om det moglege folkemordet er derfor ein dristig påstand.