Ingrid Fiskaa (SV): Regjeringa legg til grunn at det ikkje er klart at det er ein alvorleg risiko for folkemord i saka mot Israel i FN-domstolen.
Vil vurderingane av Noreg sine forpliktingar vera annleis dersom det er ein slik alvorleg risiko for folkemord?
Begrunnelse
4. juni kom regjeringa med den lenge etterspurde gjennomgangen av om Noreg oppfyller forpliktingane sine etter Folkemordkonvensjonen i lys av avgjerdene til Den internasjonale domstolen 26. januar og 28. mars i saka mot Israel. Regjeringa konkluderer der med at det ikkje er klart at det ligg føre ein alvorleg risiko for folkemord.
Utanriksdepartementets gjennomgang kjem samstundes som Spania støttar Sør-Afrika si sak mot Israel. Fleire framståande ekspertar har også den siste tida snudd - frå å meina at terskelen for folkemord ikkje er nådd, til å meina at det faktisk er eit folkemord som skjer. For eksempel kan me i Klassekampen 7. juni lesa om Aryeh Neier, primus motor for etableringa av Det Internasjonale krigsforbrytertribunalet for tidlegare Jugoslavia og overlevande etter Holocaust, som no er overbevist om at Israel utfører eit folkemord mot palestinarane.