Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2241 (2023-2024)
Innlevert: 06.06.2024
Sendt: 07.06.2024
Besvart: 13.06.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Det er ei generell utfordring å få mannskap til drift av fylkesvegferjene. Ordninga med beredskapssamband har ytterlegare forverra situasjonen for enkelte samband, spesielt også fordi Sjøfartsdirektoratet har inndrege dispensasjonar på kviletid. Spørsmålet om kven som skal ta kostnadane for desse beredskapsturane er løfta til departementet frå Statsforvaltaren.
Når vil statsforvaltar i Vestland og Vestland fylkeskommune få avklaring på spørsmål knytt til ansvaret for helseberedskapen knytt til ferjesamband på fylkesvegnettet?

Begrunnelse

Vestland fylkeskommune har ansvar for seks ferjesamband som har tilleggsfunksjon som beredskap for transport av akuttmedisinske tilfelle utanom ordinære opningstider. Ved godkjenning av skiftplanar har Sjøfartsdirektoratet no presisert at det ikkje lenger gis unntak frå regel om 6 timar samanhengande kvile ved beredskapsturar. Det betyr i praksis at dersom kviletida vert avbroten eller redusert som følgje av ein beredskapstur, skal mannskapet ha minst seks timar samanhengande kviletid direkte etter beredskapstur. Konsekvensane av vilkåret er at dersom fartøyet får ein beredskapstur om natta på sambandet, må morgonavgangar innstillast. Då fylkeskommunen skulle iverksette vedtaket kom det sterke reaksjonar frå Helse Bergen, som tok kontakt med Statsforvaltaren i Vestland. Statsforvaltaren tok initiativ til eit dialogmøte, og på bakgrunn av dette møtet sendte Statsforvaltaren i Vestland førespurnad til Helse – og omsorgsdepartementet (HOD) med formål om avklaring på spørsmålet om ansvaret
for helseberedskapen knytt til ferjesamband på fylkesvegnettet. HOD sendte brevet vidare til Samferdselsdepartementet.
Statsforvaltaren i Vestland har jamleg purra Samferdselsdepartementet, men ikkje fått tilbakemelding ut over at tilbakemelding skal koma. Inntil tilbakemelding og avklaring føreligg, har fylkeskommunen akseptert at implementering av prinsippvedtaket må venta.
Dersom beredskapsferjene skal både løyse oppgåvene med ordinær ruteproduksjon samt oppretthalde ein fullverdig beredskapsfunksjon, må operatørane løysa dette med auka bemanning. Auka bemanning vil medføra auka kostnader og nokre stader utfordringar med å rekruttere nok mannskap.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg er godt i gang med å vurdere saka. Departementet har hatt dialog med KS og fylkeskommunane i deira Mobilitetsnettverk og bede om ei tilbakemelding om erfaringar og praksis lokalt. KS har samanfatta innspel frå fylkeskommunane og svaret er nett mottatt her i departementet.
Samferdselsdepartementet vil no avklare korleis saka best skal hansamas vidare, mellom anna korleis kostnadene bør fordelast og på kva måte omsynet til beredskap best kan takast i vare. Eg vil svare Statsforvaltaren når avklaringane er på plass, utan at eg per i dag kan setje ein eksakt dato.