Skriftlig spørsmål fra Grunde Almeland (V) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2235 (2023-2024)
Innlevert: 06.06.2024
Sendt: 07.06.2024
Besvart: 11.06.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Grunde Almeland (V)

Spørsmål

Grunde Almeland (V): Forstår statsråden at Stavanger er skuffet over regjeringens løftebrudd om statlig medfinansiering av renoveringen av Stavanger domkirke, og vil statsråden legge til grunn den totale prosjektkostnaden, istedenfor den resterende prosjektkostnaden, ved beregning av statens andel for de resterende prosjektkostnader?

Begrunnelse

Tidligere har regjeringspartiene vært i Stavanger og annonsert at de skulle få etterlengtede midler til den pågående renoveringen av Stavanger domkirke. Opp mot 120 millioner kroner ble det lovet da Kjersti Toppe besøkte Stavanger i februar. Når forslaget til revidert statsbudsjett for 2024 ble lagt frem viste det seg derimot at regjeringen ville at Stavanger skulle motta langt mindre til renoveringen av domkirken, faktisk kun 17 millioner kroner.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg forstår at Stavanger og andre kommunar som dei siste åra har gjennomført istandsettingsprosjekt på sine kyrkjebygg kan kjenne på at det framstår som urettvist at det no kjem ei tilskotsordning på plass som dei ikkje fullt ut får gleda av. Men å framstille dette som løftebrot er ikkje rett, og eg har ikkje lova Stavanger opp mot 120 millioner kroner slik spørsmålsstillaren gir inntrykk av.
Då eg var i Stavanger i oktober i fjor, var eg tydeleg på at ordninga ikkje ville ha tilbakevirkande kraft. Eg forklarte også kvifor det måtte vere slik, noko eg også gjorde for Stortinget i svar på skriftleg spørsmål nr. 1772 til representanten Stokkebø 23. april 2024. Eg viser til dette svaret for nærare utgreiing av saka. Det eg under besøket i Stavanger derimot sa at vi ville sjå nærare på, var korleis vi kunne få til å innlemme dei kyrkjene som alt var i gong med istandsettingsarbeidet utan at det vart gitt tilbakevirkande kraft. Prosjekt som var igangsett kunne då få støtte til arbeid som blei utført på kyrkjene frå og med det tidspunktet tilskotsordninga trådte i kraft.
Då regjeringa la fram Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg i Trondheim 21. februar, vart denne bodskapen om at ordninga ikkje skulle ha tilbakevirkande kraft klart presentert. Bodskapen gjekk òg fram av utkastet til tilskotsforskrift som vi sende på høyring same dag. I utkast til tilskotsforskrift var det derimot tatt inn at prosjekt som er igangsatt kunne få støtte til arbeid som står att etter at tilskotsordninga trer i kraft.
Etter planen vil den nye tilskotsordninga tre i kraft 1. juli eller så snart Stortinget har fatta bevilgningsvedtak i revidert nasjonalbudsjett. Tilskotsmidlar til såkalla «gryteklare prosjekt» – altså prosjekt som allereie er starta opp eller er ferdigprosjekterte – vil då kunne lysast ut.
Etter det regjeringa skriv i revidert nasjonalbudsjett Prop. 104 S (2023-2024) vil det statlege tilskotet vere på minst 50 prosent av prosjektkostnaden rekna frå tilskotsordninga trer i kraft. Etter det som blir opplyst i Stavanger kommunes investeringstabell for 2024-2027 er gjenståande utgifter til domkyrkja 54 mill. kroner i 2024 og 58,2 mill. kroner i 2025, totalt 112,2 mill. kroner. Det er den gjenståande kostnaden som Stavanger domkyrkje kan søke om tilskot til når det etter planen lysast ut midlar i sommar. Når ein då skal rekne ut statens del av kostnaden, må ein ta utgangspunkt i gjenståande prosjektkostnader. Alt anna vil innebere at ordninga blir gitt tilbakevirkande kraft, og det har som sagt både eg og regjeringa vore klare på heile vegen at den ikkje skal ha.