Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2188 (2023-2024)
Innlevert: 03.06.2024
Sendt: 03.06.2024
Besvart: 07.06.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kva er retningslinene for skilting av fartsgrense i samband med strekningsmåling av fart?

Begrunnelse

Bruk av strekningsmåling av fart har blitt jamnt vanlegare, særleg på strekningar som er utsett for trafikkulukker. Dette kan ha fordelar med tanke på å unngå overskridingar og gjere sjåførar meir medvitne rundt eiga fart.
Samstundes som det er viktig at folk held fartsgrensene, er det også viktig at folk under normale vêr- og føreforhold ikkje køyrer vesentleg saktare enn gjeldande fartsgrenser, slik at trafikkflyten ikkje vert forstyrra.
Ved opplysningsskilt om strekningsmåling står det ofte ikkje opplyst kva fartsgrensa er, sjølv om denne er avvikande frå den generelle fartsgrensa på landeveg (80 km/t). Og dersom den står opplyst, er det med eit lite og vanskeleg lesbart underskilt. Fartsgrensa er normalt ikkje opplyst om mellom kontrollpunkta heller. Dette kan føre til at mange køyrer saktare enn det som faktisk er fartsgrensa for å vere på den sikre sida, noko som igjen er forstyrrande for trafikkflyten.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Vi har to generelle fartsgrenser i Noreg, 50 og 80 km/t, og desse fartsgrensene vert normalt ikkje skilta. Dersom SATK-punktet (strekningsmåling) står på strekning med generell fartsgrense 80, blir det difor ikkje skilta gjentaking av fartsgrensa. Derimot kan skilt for strekningsmåling ha eige underskilt som viser fartsgrense 80 km/t i miniatyr, som ei opplysing om at det er generell fartsgrense på strekninga. Det er berre fartsgrense 80 som kan visast på miniatyrskilt under skilt for strekningsmåling. Alle andre skilt for fartsgrense skal ha ein viss storleik som er satt etter fartsgrensa på staden (det vil seie dei vanlege fartsgrenseskilta).
Der SATK-punktet står på strekning med særskilt fartsgrense, til dømes 70 km/t, er fartsgrensa skilta med vanlege fartsgrenseskilt 70 km/t. Disse fartsgrenseskilta skal stå ca. 50 meter etter SATK-skiltet. Avstanden mellom gjentakande fartsgrenseskilt skal ikkje vere større enn 500 meter når fartsgrensa er 70 km/t og lågare.
Høg fart er ei av hovudårsakene til dødsulykkene, og strekningsmåling er eit av dei beste tiltaka vi har med omsyn til trafikktryggleik. Som representanten Rotevatn påpeikar, er dette tiltak som blir nytta på strekningar som har hatt fleire alvorlege ulykker, eller der potensialet for høgt skadeomfang er stort. Det viktig å køyre etter forholda og avpasse farten uavhengig av skilta fartsgrense.