Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2176 (2023-2024)
Innlevert: 01.06.2024
Sendt: 03.06.2024
Besvart: 10.06.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren gjere greie for konsekvensane Møre og Romsdal Fylkeskommune vil kunne få, ang ferjetilskotet ein har fått for å kunne halvere ferjeprisane målt pr. 1/1-2021 dersom eit politisk fleirtal i fylkeskommunen leia ann av Ap og Høgre finn på å auke takstsonane for ferjene slik at grunnlaget for halvering av ferjeprisane opphører, og er dette også politikk som er godkjent frå regjeringa at Ap lokalt kan gjere dette så lenge stortingsrepresentantar frå Ap har lova i Møre og Romsdal halvering av ferjeprisane?

Begrunnelse

Regjeringa har prioritert gratisferjer for enkelte ferjestrekninger, samt redusert ferjeprisane med halverte kostnadar rekna frå 1/1-2021.
I denne samanhengen er det fylke som har forsøkt å innføre betaling igjen på samband som har blitt gratis, og som deretter har fått melding frå regjering om at tilskotet som fylket har fått blir redusert dersom ein velger å innføre betalingsferjer igjen på desse sambanda.
Gjeldande dei andre ferjestrekningane har regjeringa gjeve tilskot til fylka for at dei skal kunne redusere ferjeprisane, og det vil sjølvsagt vere eit brot på forutsetningane til desse tilskota om fylka likevel velger å auke ferjeprisane igjen.
I Møre og Romsdal har det vore store debattar om ferjeprisane, der representantar frå regjeringspartia har lagt svært stor vekt på at ferjeprisane skulle "halverast".
No er ferjeprisane i dette fylket igjen tema, der AP og Høgre ynskjer å auke ferjeprisane med takstsoner som i så fall vil medføre at ferjeprisane slett ikkje er halverte.
Statsråden har også i fleire spørsmål både skriftleg og i spørjetimen vore tydleg på at "halvering av ferjeprisane" har vore eit prioritert område for regjeringa, og at tilskot til dette er lagt til grunn til ferjefylka.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Ei målsetting i Hurdalsplattforma er gratis ferje til øyer og andre samfunn utan vegforbindelse til fastlandet og å gjere alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis, samt å redusere billettprisane med 50 prosent samanlikna med billettprisane 1. januar 2021. Det har vi no lagt til rette for. Staten har kompensert fylkeskommunane gjennom auka overføringar over rammetilskotet.
Kompensasjonen blir fordelt gjennom rammetilskotet til fylkeskommunane, som er ein del av fylkeskommunane sine frie inntekter. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegferjene og ansvaret for finansieringa av ferjedrifta. Det er opna for at den enkelte fylkeskommune kan behalde noko betaling i enkelte samband som fell innunder ordninga med gratis ferje dersom dette er grunna i særskilte trafikale forhold. Fylkeskommunen kan også indeksregulere takstane årleg. Skulle Møre og Romsdal fylkeskommune innføre ei auke i takstsonene for alle sambanda så vil dette kunne vere i strid med hovudintensjonen med regjeringas ordning for reduserte ferjetakstar.