Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2151 (2023-2024)
Innlevert: 29.05.2024
Sendt: 29.05.2024
Besvart: 04.06.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over søknadane om nedsatt fartsgrense på strekninga Mjøsbrua til Oslo for 2024, som syner kva løyver som er gjevne og kva forutsetningar som er lagt til grunn for skilting av nedsatt fartsgrense ved ulike vegarbeid/tiltak?

Begrunnelse

I fleire spørsmål til samferdselsministeren har eg teke opp problema med midlertidig skilting på E6 i området nord for Oslo og opp dalen.
Statsråden har svart at det er entreprenørene som utfører arbeid som skal søke om slikt midlertidig skilting for nedsatt fartsgrense, og at det er strenge reglar for dette.
Derimot ser eg gong etter gong feil ved slik skilting, skilt som står i hytt og pine utan logikk, mangel på både oppheving av nedsatt fartsgrenser, og nedsatt fartsgrenser for vegarbeide som fortsatt står der i helg og høgtider der det IKKJE er anleggsarbeid.
Feil skilting av fartsgrensene fører til farlege situasjonar, samt at dette er svært vanskeleg å kunne forholde seg til for bilistane.
I tillegg har eg registrert at politiet har gjennomført fartskontrollar i slike områder, og eg er slett ikkje sikker på at dette er lovleg med bakgrunn i disse uryddige skiltingsgrunnlaga.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det er frå 1. januar 2024 fram til i dag registrert 72 godkjende arbeidsvarslingsløyve med nedsett hastigheit på strekninga E6 Mjøsbrua til Oslo grense.
Arbeidsvarslingsløyva er behandla og godkjende i samsvar med vegnormal N301.
Hovudformålet med arbeidsvarsling er å ivareta sikkerheita til arbeidarar og trafikantar som ferdast på vegen. Behovet for nedsett fartsgrense i forbindelse med vegarbeid, skal vurderast ut frå dette omsynet. Vidare er det entreprenør og byggherre som skal gjera ei risikovurdering av arbeidet som skal gjerast, og kva tiltak om er naudsynte for å ivareta sikkerheita knytt til arbeidet som skal gjerast.
Det er ofte fleire grunnar til at det er behov for å setje ned fartsgrensa. Dette kan gjelde arbeidet som skal gjerast, som ofte medfører personell i vegbanen, saktegåande anleggstrafikk, tilstanden på vegen eller sideterrenget, for å nemne nokre. For trafikantar vil vegarbeid uansett medføre ein fare ved at situasjonen på vegen avvik frå normalen. Slik forstyrring kan medføre behov for tiltak som nedsett fartsgrense.
I mange døme er det tilstanden på vegen under arbeidet, som tilseier at det er behov for nedsett fartsgrense. Dette kan til dømes gjelde manglande eller feil på rekkverk, som gjer at opphaveleg fartsgrense ikkje er forsvarleg. I desse døma vil hastigheita vere nedsett sjølv om det ikkje er synleg arbeid på vegen.
I andre døme skal den midlertidige fartsgrensa opphevast når det ikkje vert arbeida i vegen. I dei fleste døme har då entreprenøren ein eigen plan som skal gjelde utanom arbeidstid. Vi veit at dette dessverre ikkje alltid vert følgd opp av entreprenør ute på vegen. Statens vegvesen følger opp brot på arbeidsvarslingsplanar gjennom kontrollverksemd og sanksjoner ut frå tilgjengelege ressursar.