Sveinung Rotevatn (V): Kva blir konsekvensen for norske lånekundar av EFTA-domstolen sine nylige avgjersler i spørsmålet om bruk av skjønnsmessige låneklausular i islandske bankar?
Begrunnelse
I sakene 13/22 og 1/23 tok EFTA-domstolen 23. mai stilling til bruken av skjønnsmessige låneklausular hos islandske bankar.
Spørsmålet var i kva grad det er i tråd med forbrukaravtaledirektivet og bustadslåndirektivet å basere avtalar om flytande rente på banken si eiga vurdering av vage kriterium om marknadsforhold.
Typiske standardvilkår i låneavtalar med norske bankar synest å vere ganske tilsvarande det som er i bruk på Island, og difor er det grunn til å tru at avgjerslene frå EFTA-domstolen vil påverke også norske forhold.