Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2127 (2023-2024)
Innlevert: 26.05.2024
Sendt: 27.05.2024
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 03.06.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil kommunal- og distriktsministeren følgje opp landsstyret i KS sitt vedtak 24. mai om snarast mulig å få på plass ei kompensasjonsordning for overgang til nullutslippsløysingar på hurtigbåtar og ferjer, og kan statsråden stadfeste at denne ordninga også vil omfatte Vestland fylkeskommune og evt. andre fylke som allereie er i gang med anbodsprosessar på nullutsleppsløysingar, ikkje berre anbodsprosessar som blir starta etter 1.1.2025?

Begrunnelse

Vestland fylkeskommune/ tidlegare Hordaland fylkeskommune har vore pionerfylke på overgang til nullutsleppsløysingar på ferje- og båtruter. I 2023 vedtok Vestland fylke å lyse ut nytt anbod på hurtigbåtrutene Bergen-Sogn og Bergen-Nordfjord frå 2026 med krav om minimum 85 % klimagassreduksjon og minst 70 % nullutsleppsdrift.
I etterkant av Vestland fylkeskommune si utlysing, har regjeringa varsla ei ny forskrift med krav om nullutslepp i nye hurtigbåtruter, og at:

«Fylkeskommuner som kunngjør anskaffelser etter at forskriften er trådt i kraft vil få kompensert ev. merkostnader som følger av kravet.»

Vestland fylkeskommune ga då høyringsinnspel til regjeringa om at kompensasjon også må tildelast fylke som ligg forut for ei eventuell forskrift om nullutslepp. Innspelet har i følge Vestland fylkeskommune fått «munnleg støtte», men inga endeleg avklaring. Ei avklaring var venta og varsla i samband med Revidert Nasjonalbudsjett 2024. Vestland fylkeskommune har ut frå dette skyvd på anbodsprosessen slik at ein kunne få på plass denne avklaringa frå regjeringa før evt. kontrakt om nye hurtigbåtar med svært låge klimautslepp vart inngått.
Revidert Nasjonalbudsjett vart lagt fram 14. mai 2024. Verken her eller i Kommuneproposisjonen for 2025 kjem det nokon lovnader/signal til Vestland fylkeskommune om kompensasjon for meirkostnader ved krav om nullutslepp i den allereie utlyste konkurransen om nye hurtigbåtruter Bergen-Sogn/Nordfjord.
Dette set Vestland fylkeskommune i ein svært vanskeleg situasjon, der fylket står i fare for å måtte avlyse den pågåande anbodskonkurransen, og i staden legge seg på eit konkurransegrunnlag med betydeleg lågare kostnad/klimaambisjon. Det vil være særs uheldig – både med omsyn på å nå nasjonale mål om klimakutt innan 2030 og med omsyn til tempoet i ei høgst nødvendig utvikling av ny teknologi for nullutslepp på båt.
Det er også eit samla krav frå kommune-Noreg gjennom KS at nødvendige avklaringar om den varsla kompensasjonsordninga må kome på plass svært raskt.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Spørsmålet er oversendt frå kommunal- og distriktsministeren til samferdselsministeren.
Fylkeskommunane har ansvaret for drift av fylkesvegferjer og hurtigbåtar. Fylkeskommunane får dekt sine kostnader gjennom inntektssystemet. I 2021 blei 100 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene grunngitt med ein satsing på ferjer og nullutsleppsbåtar. Satsinga er vidareført med ei særskilt fordeling innafor rammetilskotet og utgjer 110,8 mill. kroner i 2024.
Samferdselsdepartementet har ikkje innført krav til nullutslepp for ferjer og hurtigbåtar. Kravet vil bli vurdert samen med kompensasjon til fylkeskommunane.