Skriftlig spørsmål fra Svein Harberg (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2107 (2023-2024)
Innlevert: 23.05.2024
Sendt: 24.05.2024
Besvart: 31.05.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Svein Harberg (H)

Spørsmål

Svein Harberg (H): Hva er status for arbeidet med Hjertespråket; hvilke forslag er fulgt opp, hvilke er under utredning/arbeid og hva har regjeringen planlagt å starte med?

Begrunnelse

I oktober 2016 la samisk språkutvalg frem utredningen NOU 2016:18 Hjertespråket — Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk. Målet med utredningen var å vurdere og foreslå tiltak for å sikre funksjonelle og likeverdige offentlige tjenester på samisk. Det ble foreslått en rekke forslag som utvalget mente ville styrke det samiske språket, og det var spesielt lagt vekt på tiltak for samiske barn og unge. I etterkant av dette har NOU 2016:18 blitt fulgt opp på flere områder både av denne og den forrige regjering. Ett forslag på tiltak som har blitt gjennomført er det å dele inn forvaltningsområdet for samiske språk i tre ulike kommunekategorier. Kategoriene gjenspeiler de faktiske ulikhetene i språksituasjon og de behovene dette utløser i kommunene i forvaltningsområdet.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Regjeringa arbeider med tiltak for å styrkje samisk språk på ei rekke område, og kvart enkelt departement har ansvar for å følgje opp Hjertespråkrapporten på deira ansvarsområde. Dei samiske språka er sentrale for framtida til den samiske kulturen. Regjeringa ønskjer derfor å gje gode rammevilkår for å styrkje dei samiske språka.
Kommunal- og distriktsdepartementet har gjennom dei vedtekne endringane i språkreglane i samelova, følgt opp forslaga i Hjertespråkrapporten som vi har vurdert som aktuelle innanfor ansvarsområdet til departementet.
Slik representanten peiker på, har vi mellom anna innført tre kommunekategoriar i forvaltningsområdet med ulike reglar for å tilpasse språkrettane til språksituasjonen i kommunane, i tråd med eit av hovudforslaga frå Hjertespråkutvalet. Kommunane i forvaltningsområdet har ei avgjerande rolle i arbeidet med å styrkje samisk språk og kultur. Regjeringa har derfor vore oppteken av å senke terskelen for at nye kommunar ønskjer å søkje om innlemming i forvaltningsområdet. Kommunar som blir innlemma som språkstimuleringskommunar, skal sørgje for å etablere eit samisk språk- og kulturtilbod til barn, unge og eldre. Kategorien er utforma med tanke på kommunar som ikkje nødvendigvis har så mykje samiskspråkleg kompetanse tilgjengeleg, og det har vore viktig for regjeringa å prioritere barn og unge i utforminga av kva plikter språkstimuleringskommunane skal ha. Eg er glad for at vi allereie har fått søknader frå nye kommunar som ønskjer seg inn i forvaltningsområdet, og ein av desse er søknad om innlemming som språkstimuleringskommune.
Berekraftige og levande språk føreset bruk på flest mogelege samfunnsområde, og retten til svar på samisk er viktig for samiske språkbrukarar. Kommunal- og distriktsdepartementet har no sendt på høyring eit forslag til endringar i forskrift til språkreglane i samelova. Her foreslår vi at fleire offentlege organ med landsomfattande funksjonar skal ha plikt til å svare skriftleg på samisk når dei får skriftlege førespurnadar på samisk.
I den årlege meldinga til Stortinget om samisk språk, kultur og samfunnsliv som regjeringa la fram i 2023, var tema kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høgere utdanning. I meldinga har regjeringa identifisert nokre innsatsområde ho vil prioritere for at fleire skal velje samiske barnehagetilbod og samisk i heile grunnopplæringa, og at fleire tar ei samisk profesjonsutdanning eller anna samisk høgare utdanning. Meldinga for 2025 skal ha særleg merksemd på kommunesektoren, og vil følgje vidare opp dei innsatsområde som er relevante for kommunane.