Ingrid Fiskaa (SV): Vil regjeringa gjera nødvendige tiltak for at Noreg gjer plikta vår etter folkeretten, og ikkje er medskuldig i brot på folkemordkonvensjonen og Genèvekonvensjonane?
Begrunnelse
Noreg har ei plikt etter folkeretten til å gjera det me kan for å hindra, og ikkje medverka til, alvorlege folkerettsbrot. Både folkemordkonvensjonen og Genevèkonvensjonane har ei slik handlingsplikt. Israels okkupasjon av palestinske område, krigsbrotsverk og mogleg folkemord utfordrar også det norske medansvaret.
Oljefondet investerer i våpenselskap som leverer våpen til Israels folkerettsstridige krig mot Gaza. 31. desember 2023 var desse investeringane på 51.7 milliardar kroner fordelt på seks større og nokre mindre selskap. FN-domstolen har opna sak mot Israel etter folkemordkonvensjonen, noko som også forpliktar tredjeland som Noreg til å sørga for at ein ikkje medverkar til folkemord. Det er ikkje klart kva Noreg eventuelt har gjort for å sikra at dei våpenselskapa Noreg er medeigar i faktisk ikkje væpnar Israel. Handlingsplikta etter artikkel 1 i folkemordkonvensjonen blir utløyst ved mistanke om eit mogleg, pågåande folkemord, og er ikkje avhengig av den endelege dommen i FN-domstolen.
Oljefondet investerer også i selskap som opererer i dei ulovlege israelske busettingane på okkupert palestinsk område. Busettingane er erklært folkerettsstridige av FNs tryggingsråd, og utgjer krigsbrotsverk etter fjerde Genèvekonvensjon. Første tilleggsprotokoll til Genèvekonvensjonane slår fast at tredjeland er forplikta til å gjera alt rimeleg for å stoppa folkerettsbrot. Rapporten «Don´t Buy into Occupation» listar opp 51 selskap med totale oljefondsinvesteringar på om lag 140 milliardar kroner i dei folkerettsstridige busettingane.