Ingrid Fiskaa (SV): Vil justisministeren sørga for at legen som heltemodig redda barneliv i bombardementet av Gaza kan koma til Stortinget, eller meiner justisministeren at Tysklands knebling av ytringsfridomen om krigen mot Gaza også skal påverka Noreg?
Begrunnelse
SV vil invitera den britiske legen Ghassan Abu-Sitta til Stortinget for å gje oss førstehands informasjon om skadde i Gaza i starten av Israels krigføring. Abu-Sitta vart denne veka deportert frå Frankrike der han skulle tala for senatet, fordi Tyskland har innført innreiseforbod for heile Schengenområdet.