Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1990 (2023-2024)
Innlevert: 07.05.2024
Sendt: 07.05.2024
Besvart: 13.05.2024 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa foreta seg noko for at blir enklare å få norsk personnummer, eventuelt at d-nummer gir fleire rettar til bruk av offentlege tenester?

Begrunnelse

D-nummer er i utgangspunktet meint for som skal bu og jobbe i Noreg i maksimalt seks månadar. Likevel er det etter sigande om lag 20 000 skattebetalarar som har hatt d-nummer i over 10 år, og som av ulike årsaker ikkje får vanleg personnummer. Dette gir store utfordringar for mange, sidan d-nummer ikkje gir den same tilgangen til fastlege, sosialhjelp, BankID og andre tenester som er viktige for alle som bur i Noreg. Særleg manglande reell tilgang til BankID gjer det vanskeleg å kommunisere med både offentlege og private tenesteleverandørar. Spørsmålet er om regjeringa på denne bakgrunn jobbar med å senke terskelen for å få ordinært personnummer, eventuelt om den vil vurdere å sørgje for at d-nummer gir enkel tilgang til fleire tenester, til dømes BankID.

Tonje Brenna (A)

Svar

Tonje Brenna: Som det fremgår av Meld. St. 17 (2023-2024) Om integreringspolitikken: Stille krav og stille opp vil regjeringen gjennomføre en kartlegging av omfang og konsekvenser av at en større andel innvandrere oppholder seg i Norge over lengre tid og betaler skatt, uten at de er registrert som bosatt. Etter planen vil et slikt oppdrag bli lyst ut før sommerferien 2024. På bakgrunn av denne kartleggingen skal behovet for eventuelle tiltak, rettet både mot innvandrere og det offentlige, vurderes.