Sveinung Rotevatn (V): Er det reglar rundt eksportkontroll eller andre formelle hinder i vegen for at Bergen Engines kan levere LNG-motorar som kan støtte opp under den ukrainske straumforsyninga, og kva vil regjeringa i tilfelle foreta seg for å sørgje for at desse blir rydda av vegen snarast råd?
Begrunnelse
I Bergensavisen 25. april blir det vist til eit møte mellom selskapet Bergen Engines og ukrainske styresmakter, der temaet er innkjøp av store motorar som kan bidra til å levere straum i ein kritisk periode for den ukrainske straumforsyninga. Selskapet hevdar dei er klare til å levere i løpet av kort tid, men at ein er avhengige av at "alle godkjenninger går i orden".
Behovet i Ukraina er enormt, og tilskot til infrastrukturen for å sikre straumforsyninga i landet vil vere kjærkomen. Spørsmålet er om regjeringa kan forsikre om at det ikkje vil blir lagt unødvendige byråkratiske hinder i vegen for at norske selskap kan bidra til den ukrainske fridomskampen, og at eventuelle godkjenningsprosedyrar vil bli prioritert og forsert på raskast mogleg vis.