Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:1936 (2023-2024)
Innlevert: 30.04.2024
Sendt: 02.05.2024
Besvart: 06.05.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kva er logikken bak at regjeringa føresler å la det planlagte Statens fond Tromsø ta opp eit milliardlån for å investere pengane i aksjar, samstundes som regjeringa føresler å redusere Statens pensjonsfond Norge sin aksjeinvesteringar og sluse pengane inn i statsbudsjettet, tatt i betraktning at begge fond er forvalta av Folketrygdfondet?

Begrunnelse

I Prop 91. L (2023-2024) føresler regjeringa at det planlagte Statens fond i Tromsø skal forvaltast av Folketrygdfondet, og få sin investeringskapital gjennom statslån på 15-30 milliardar kroner som skal brukast til å kjøpe aksjar.

I Meld. St. 22 (2023-2024) – som vart lagt fram same dag – føresler regjeringa at Statens pensjonsfond Norge (SPN), som også blir forvalta av Folketrygdfondet, skal selje aksjar for å skaffe pengar som skal slusast inn i statsbudsjettet til bruk for å finansiere løpande utgifter. Dersom uttaka frå Statens pensjonsfond Norge skal ligge på same nivå som frå Statens pensjonsfond Utland (SPU), vil det vere tale om anslagsvis 10 milliardar kroner i året.

Det virkar ikkje umiddelbart logisk kvifor desse planlagte uttaka frå Statens pensjonsfond Norge ikkje berre kan flyttast over som kapital til det planlagte Statens fond i Tromsø, i staden for at staten pådrar seg store renteutgifter ved å ta opp lån. Bruken av pengar frå SPN til å dekke utgifter i statsbudsjettet vil dessutan, som regjeringa sjølv skriv i stortingsmeldinga, «ha en ekspansiv virkning på norsk økonomi».

På spørsmål frå underteikna under høyringa i finanskomiteen 30. april var det ikkje lett å forstå kva som er den indre logikken i desse forslaga frå finansministeren si side, så eg tillét meg å spørje ein gong til.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Det er ingen samanheng mellom regjeringa sitt forslag om å etablere ein regel for årlege overføringar frå Statens pensjonsfond Norge (SPN) til statsbudsjettet og etableringa av Statens fond i Tromsø. Fleirtalet i finanskomiteen slutta seg i Innst. 364 S (2022–2023) til at Statens fond i Tromsø ikkje skal vere del av Statens pensjonsfond. Opprettinga av fondet i Tromsø er ikkje betinga av eit uttak frå SPN. Finansieringa må difor vurderast på sjølvstendig grunnlag.

Folketrygdfondet ga i 2019 råd om at mandatet for forvaltinga av SPN bør endrast som følgje av at fondet sine eigardelar på Oslo Børs over tid har kome opp på eit nivå der det er risiko for brot på eigardelsgrensa i mandatet på 15 pst. i norske selskap. Regjeringa foreslår at denne utfordringa blir handsama gjennom eit årleg uttak. Regjeringa har vidare foreslått at desse midlane skal budsjetterast som inntekter på statsbudsjettet på same vis som utbytte frå statens direkte eigarskap, dvs. «over streken». Uttaka bør vere tilstrekkeleg store til at eigardelsutfordringa blir handsama, men heller ikkje større. Praktiseringa av regelen bør ta omsyn til at avgrensa likviditet i marknaden i periodar kan verke inn på Folketrygdfondet sin moglegheit til å overføre midlar, og skal kunne tilpassast aktivitetar i SPN sin portefølje (utbytte, kupongar, forfall, mv.). Folketrygdfondet er i brev 23. april bedt om å kome med ei oppdatert vurdering av kva uttaksprosent som vil vere tilstrekkeleg for å handtere eigardelsutfordringa.

Eg vil understreke at det ikkje blir lagt opp til at uttaka frå SPN blir finansierte ved sal på Oslo Børs, men ved å overføre delar av SPN sine inntekter frå renter og utbytte. Noko av grunnen til at SPN sine eigardelar har blitt høge, er at SPN i større grad enn andre investorar reinvesterer utbytte som selskapa betalar ut til aksjonærane. Ved å ikkje lenger reinvestere utbyttene på børsen, men i staden overføre dei til statsbudsjettet, avgrensar vi eigardelsutfordringa.

Formålet med etableringa av Statens fond i Tromsø er å bidra til å byggje kapitalforvaltningsmiljø i Nord-Noreg. Formålet med fondets investeringar skal vere høgast mogleg avkastning. Korleis fondskapitalen skal finansierast, irekna som lånetransaksjon («under streken») eller som ordinær utgift («over streken»), vil avhenge av kva investeringsmandat som blir sett for det nye fondet og øvrige rammer som kan påverke om plasseringa av midlane kan vurderast å vere marknadsmessig. Eg legg opp til at investeringsmandatet for Statens fond i Tromsø skal innrettast slik at vilkåra for å kunne budsjettere kapitalinnskotet som ein lånetransaksjon, er tilfredsstilt.

Reint teknisk kan det vere mogleg å finansiere kapitalen til Statens fond i Tromsø med overføringar frå Statens pensjonsfond i staden for opptak av statslån. Det er likevel ingen opplagte fordelar ved ei slik finansiering, men ei rekkje ulemper. Finansiering av Statens fond Tromsø ved eit uttak frå SPN vil truleg innebere sal av aksjar på Oslo Børs. Tilgangen til kapital for det nye fondet bør bestemmast ut frå når det finst lønsame investeringar, og ikkje vere avhengig av tempoet i eit nedsal i SPN. Tilsvarande vil det vere uheldig dersom det blir gjennomført eit nedsal frå SPN og det nye fondet ikkje har tilgang på lønsame prosjekt slik at midlane blir ståande utan avkastning.

Eg vil samstundes peike på at all kapital har ein alternativ bruk. Om innskot i Statens fond i Tromsø blei finansiert ved reduserte investeringar på Oslo Børs, som representanten Rotevatn føreslår, ville staten gå glipp av avkastninga frå desse investeringane. Avkastninga som kunne vore oppnådd dersom midlane hadde blitt verande i SPN, må reknast som ein kostnad, og forventa avkastning på investeringane i SPN er truleg høgare enn statens lånerente i marknaden. Finansiering av kapitaltransaksjonar ved eit uttak frå Statens pensjonsfond har ikkje tidlegare vore gjennomført. Korleis dette skulle behandlast i statsbudsjettet og statens kapitalrekneskap, ville ein difor måtte greie nærare ut om.