Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1880 (2023-2024)
Innlevert: 26.04.2024
Sendt: 26.04.2024
Rette vedkommende: Utenriksministeren
Besvart: 07.05.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Den ferske EØS-rapporten understrekar korleis norske styresmakter bør vera særleg merksame på endringar i EU sine regelverk som ikkje vert omfatta av EØS-avtalen, men som likevel kan ha mykje å seie for konkurransevilkåra i den indre marknaden.
Kva grep vil statsråden ta for å følgje opp denne tilrådinga og trygge at norske verksemder si konkurransekraft får rammevilkår som er på linje med aktørar i EU?

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Verda og Europa står i ei brytningstid der globaliseringa avtar, og regionane si betydning aukar. Sammansette utfordringar knytt til ein ny tryggingssituasjon i Europa og grøn omstilling krev breie, heilskaplege tiltak som involverer mange sektorar. EU har føremål om å gjennomføre den digitale og grøne omstillinga, og samtidig sikre at europeiske verksemder ikkje mistar konkurransekraft i sin eigen marknad.
Denne utviklinga er nettopp del av bakteppet for Eldring-utvalet sin NOU. Utviklinga innber at EU sine initiativ stadig oftare fell heilt eller delvis utanfor EØS-avtala eller våre andre samarbeidsavtalar med EU. Det gjer det meir krevande å ta hand om norske interesser. Som utvalet visar til, sikrast handlingsrommet i EØS-avtala best ved å kome tidleg inn i prosessar, mens vi enno kan påverke. Dette arbeider regjeringa med kvar dag, i Oslo, Brussel og i EU-landa sine hovudstader.
Sjølv om nokre av EU sine tiltak innanfor ramma av samansatte og breie initiativ er vedteken med grunnlag i politikkområde utanfor den indre marknaden, kan dei få betydning for den indre marknaden sin verkemåte. I slike høve har dei også betydning for EØS-samarbeidet.
Noreg har viktige interesser å ta hand om i møte med denne utviklinga, mellom anna norske verksemder si konkurransekraft. Derfor arbeider vi med desse problemstillingane tett saman med Island og Liechtenstein i en særskild arbeidsgruppe i EFTA. Målet er å forstå korleis slike initiativ påverkar våre interessser som deltakarar i den indre marknaden, og vurdere korleis våre interesser kan sikrast best mogleg.
Som part i EØS-avtala har vi ei felles interesse med EU i å ta hand om eit einsarta og homogent indre marknad, med likeverdige spelereglar for alle involverte aktørar.