Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1838 (2023-2024)
Innlevert: 23.04.2024
Sendt: 23.04.2024
Besvart: 29.04.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden stadfeste at Vestland fylkeskommune vil kunne få etterskotsvis rentekompensasjon til dei 2 prosjekta Masfjordsambandet og Ytre Steinsund bru slik Stortinget ba om i statsbudsjettet for 2020?

Begrunnelse

Ferjeavløysingsordninga for fylkesvegferjer er ei god ordning for både fylkeskommunar og staten der ein ute i distrikta kan få avlutta statlege tilskot til ferjesamband mot at fylkeskommunen byggjer ei bru, veg eller tunell for å erstatte ferja i sambandet. Slik ferjeavløysing er breitt politisk forankra både lokalt, regionalt og nasjonalt og vert sett på som viktig forbetring av infrastrukturen i distrikta.
Dessverre har finansieringa som kjem etterskotsvis påkrevd store låneopptak av fylkeskommunen og med ei rentebane som gjev høge avdrag dei første åra under bygging, før ferjetilskota kan nyttast til sjølve lånefinasieringa. Dette påvirkar også fylkeskommunane sine forpliktelsar gjennom låneopptak og garantiar.
Difor har Stortinget ved fleire høver dei siste åra anmoda dei sitjande regjeringane å forbedre ordninga, m.a. med ei rentekompensasjonsordning. For statsbudsjettet 2020 ba Stortinget regjeringa utvide ordninga til også å dekke inntil 50 prosent av rentekostnadane innafor ordninga. Dette vart fulgt opp med reviderte retningsliner datert 07.10.2020 der det i pkt. 5.4. heiter:
Årleg beløp med ferjeavløysingsmidlar blir betalt ut til ein når dei nominelle byggjekostnadane og inntil 50 % av berekna rentekostnader, men ikkje lenger enn i maksimalt 45 år. Meirverdikompensasjon og eventuelle finansieringsbidrag frå bompengar blir trekt frå byggjekostnadane i berekninga av rentekostnader og lengda på utbetalingsperioden.
I kommuneproposisjonen for 2021 ba Stortinget om ei ytterlegare forbetring om kompensasjon for renteutgiftene forskotsvis og ikkje berre etterskotsvis.

«Stortinget ber om at det legges fram en egen tilskuddsordning som kan avhjelpe rentekostnadene de første årene etter at prosjektet er ferdigstilt. Stortinget ber regjeringen om å komme tilbake med endringsforslagene i framlegget til statsbudsjett for 2021.»

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Den fylkeskommunale ferjeavløysingsordninga er ei god ordning som bidreg til ei stor, langvarig og føreseieleg delfinansiering av nye vegsamband langs kysten. Ferjeavløysingsordninga inneber i stort at det årlege beløpet som fylkeskommunane får til ferjesambandet via rammetilskotet, blir vidareført som årleg beløp i ferjeavløysingsmidlar når ferjesambandet blir lagt ned og fylkeskommunen ikkje får midlar til ferja lenger. Utan ferjeavløysingsordninga hadde fylkeskommunane mista desse midlane når ferja blir lagt ned. Årlege ferjeavløysingsmidlar blir meir konkret berekna på grunnlag av utslag i rammetilskotet ved å avløyse eit ferjesamband med eit nytt vegsamband. Ifølge punkt 4.2 i retningslinene for ferjeavløysingsordninga skal storleiken på ferjeavløysingsmidlane fastsettast ut frå inntektssystemet slik det er på det tidspunktet søknaden blir behandla.
I 2018 blei det tatt i bruk eit nytt kriterium for ferjer, som førte til at nokre ferjesamband ville utløyse eit lågare beløp i rammetilskotet frå 2018, og dermed òg i årlege ferjeavløysingsmidlar. Det gjaldt mellom anna Masfjordbrua og Ytre Steinsund bru. På bakgrunn av ein merknad frå kommunal- og forvaltningskomiteen i behandlinga av kommuneproposisjonen 2018, jf. Innst. 422 S (2016–2017), er det lagt til grunn at endelege søknader som blei sendt i 2017 skal behandlast ut frå inntektssystemet og retningslinene for ferjeavløysingsordninga slik dei var i 2017.
Dåverande Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar søkte om ferjeavløysingsmidlar for høvesvis Masfjordbrua og Ytre Steinsund bru i 2017. Dei årlege ferjeavløysingsmidlane for begge prosjekta er derfor basert på utslag i rammetilskotet for 2017, kor beløpet i rammetilskotet knytt til ferjesambanda på dei aktuelle strekningane var høgare enn etter 2017. Ordninga med at rentekostnadar òg kunne dekkast innanfor ferjeavløysingsordninga kom i 2020, og var ikkje ein del av ordninga med retningslinene for 2017. Ifølge retningslinene skal ikkje storleiken på ferjeavløysingsmidlar bereknast på nytt viss det seinare blir gjort endringar i inntektssystemet eller i ferjeavløysingsordninga. Det gjer at fylkeskommunane kan risikere å ikkje få del i eventuelle seinare utvidingar av ferjeavløysingsordninga, men sikrar at fylkeskommunane ikkje blir råka av eventuelle innstrammingar i ordninga, og gjer òg ordninga føreseieleg.
Det er òg slik at dei ordinære ferjeavløysingsmidlane blir finansiert innanfor rammetilskotet til fylkeskommunane. Det betyr at viss eit vegprosjekt får meir i årlege ferjeavløysingsmidlar enn reduksjonen i rammetilskot ved å leggje ned ferjesambandet, må dei andre fylkeskommunane bidra meir til ordninga.
Både Masfjordbrua og Ytre Steinsund bru kjem svært godt ut ved å bli behandla etter kostnadsnøkkelen og ferjeavløysingsordninga for 2017, i staden for å bli behandla etter ferjekriteriet i rammetilskotet på det tidspunktet søknadene blei behandla, slik hovudregelen er. Eg meiner at det ikkje bør opnast for at fylkeskommunane på fritt grunnlag skal kunne velje å bli behandla ut frå dei beste elementa i ordninga frå ulike tidspunkt, sidan finansieringsbyrda for dei andre fylkeskommunane då vil bli urimeleg stor.
Då Solberg-regjeringa la fram forslag om ei ekstra rentekompensasjonsordning i Kommuneproposisjonen 2022, blei det lagt grunn at ho skulle finansierast av friske midlar utanfor dei ordinære ferjeavløysingsmidlane. Ordninga skulle vidare gjelde for ferjeavløysingsprosjekt som blir ferdigstilte mellom 2022 og 2027. No er det berre Nordøyvegen-prosjektet i Møre og Romdal som så langt er aktuelt for eit ekstra tilskot. I statsbudsjettet for 2024 foreslo regjeringa eit ekstra tilskot til dekking av kapitalkostnadar for Nordøyvegen. Eg må kome attende til om dei to prosjekta Masfjordbrua og Ytre Steinsund bru eventuelt skal få eit ekstra tilskot til å dekke kapitalkostnadar innafor denne ordninga, då det mellom anna vil avhenge av om og når prosjekta blir realiserte.