Skriftlig spørsmål fra Ola Elvestuen (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1801 (2023-2024)
Innlevert: 18.04.2024
Sendt: 19.04.2024
Besvart: 26.04.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Ola Elvestuen (V)

Spørsmål

Ola Elvestuen (V): I lys av Sivilombudets konklusjon om at Statsforvalteren i Vestland sin praksis når det gjelder høringer av kommunale dispensasjonssaker ikke er i samsvar med kravene i plan- og bygningsloven § 19-1.
Hvordan vil statsråden følgje opp dette?

Begrunnelse

Det bygges ned for mye natur i Norge, og en viktig årsak er at det gis for mange dispensasjoner fra vedtatte planer for å ta vare på naturområder.
Sivilombudet har nylig gransket Statsforvalterens tilnærming til høringer angående dispensasjonssaker i Vestland. I et brev datert 4. januar 2024, informerte Statsforvalteren kommunene i fylket om at de ikke lenger ville be om at dispensasjonssaker ble oversendt til høring før kommunene traff beslutninger.
Sivilombudet har konkludert med at i henhold til plan- og bygningsloven § 19-1 siste punktum, har kommunene en plikt til å sende dispensasjonssøknader som berører områder under ansvar av regionale eller statlige myndigheter, til høring. Videre har Statsforvalteren en plikt til å motta disse sakene og nøye vurdere om det er nødvendig å gi en uttalelse til hver enkelt sak.
Basert på dette har Sivilombudet fastslått at Statsforvalterens praksis når det gjelder høringer av kommunale dispensasjonssaker ikke er i samsvar med kravene i plan- og bygningsloven § 19-1. Ombudet har bedt Statsforvalteren om å gjennomgå sin praksis på nytt og be om å bli holdt orientert om utfallet av denne nye vurderingen.
I et skriftlig spørsmål om statsforvalterens nye praksis i Vestland svarte statsråden blant annet dette:

«Som representanten skriv har Statsforvaltaren i Vestland lagt om sin praksis når det gjeld høyring før kommunane i fylket gjer vedtak om dispensasjon. Det er positivt at statsforvaltarane leitar etter mogelegheiter for å forenkle og effektivisere forvaltninga i dialogen med kommunane.»

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Som utgangspunkt vil eg gje Statsforvaltaren i Vestland ros for å sjå etter måtar å gjere sakshandsaminga betre og meir effektiv. Eg meiner det er viktig at statsforvaltarane finn ein god balanse mellom kontrollfunksjonen og oppdraget med å rettleie kommunane i arbeidet deira. Det bør vere eit mål at den kompetansen som finnast i ulike deler av staten i større grad kjem kommunane til gode gjennom god rettleiing.
Kommunane og statsforvaltarane bør kontinuerleg syte for å fornye seg og finne gode og effektive rutinar for si sakshandsaming. Eg synar i denne samanheng mellom anna til at regjeringa har invitert kommunar og fylkeskommunar til å delta i forsøk innanfor gjeldande forsøksheimlar. Plan- og byggesakshandsaming er eit aktuelt lovområde for å teste ut nye arbeidsformer. Erfaringane frå slike forsøk kan gje grunnlag for å vurdere om endringa skal gjerast gjeldande for alle. Det er likevel rammer for unntak som kan gjerast frå gjeldande lovkrav etter forsøkslova. Mellom anna kan det ikkje gjerast forsøk som fører til avvik frå grunnleggjande regler om organisering av kommunar og sentrale sakshandsamingsreglar. Det er gode grunnar til å sjå nærare på om det finnast barrierar som gjer at sakshandsamingskapasiteten til statsforvaltaren ikkje vert effektivt utnytta. Vi vil sjå nærmare på om det er grunnlag for å opne for et forsøk på dette området.
I saka som representanten tek opp er det ein pågåande dialog mellom Sivilombodet og Statsforvaltaren i Vestland. Sivilombodet har i si utsegn om saka frå 18. mars 2024 bedt statsforvaltaren om å vurdere praksisen sin, og om å bli orientert om utfallet av den nye vurderinga. Det er derfor ikkje riktig at eg kommenterer saka nærmare eller tek stilling til om departementet skal følgje opp saka. Eg synar og til mitt svar til representanten av 29. januar 2024 om saka.