Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1791 (2023-2024)
Innlevert: 17.04.2024
Sendt: 17.04.2024
Besvart: 22.04.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren framskrive forventa auke i vegvedlikeholdsetterslepet på fylkesvegane pr 2030 og 2036 med bakgrunn i regjeringa sitt framlegg til NTP?

Begrunnelse

Vegvedlikeholdsetterslepet er berekna til omlag 100 milliard kr for fylkesvegnettet samla her i landet, og er sterkt aukande.
Kravet for årleg auke av tilskota til fylkesveg frå fylkeskommunane var heile 5 milliard kr årleg, dette for å kunne stoppe forfallet.
Regjeringa har lagt inn i NTP ein auke på årleg 0,8 milliard kr til fylkeskommunane som heller ikkje er indeksregulert fram til 2030.
Fylkesvegane er også sterkt ulike, heilt frå fylkesvegar med berre 30-40 bilar i døgnet, og fylkesvegar med omlag stamvegstatus med mange titals tusen bilar i døgnet. Fordelingsnøkkelen for tilskota fangar tydelegvis ikkje opp dette.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det er ikkje laga nokon slik framskriving til NTP 2025-2036 og resultatet vil nok i stor grad avhenge av dei prioriteringane som fylkeskommunane gjer innanfor sitt eige fylkesvegnett i perioden.

Regjeringa har lagt opp til ei satsing på fylkesveg i NTP 2025-2036, og dette inneberer totalt 65 mrd. kr til fylkesveg og ei auke på totalt 15,7 mrd. kr over tolvårsperioden samanlikna med flat vidareføring av 2024-budsjettet. Denne satsinga vil sette fylkeskommunane betre i stand til å ta vare på fylkesvegnettet.