Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1717 (2023-2024)
Innlevert: 09.04.2024
Sendt: 10.04.2024
Besvart: 16.04.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for korleis den beredskapsmessige utfordringa ved E14 frå Stjørdal til Riksgrensa er tenkt løysast i praksis, kva kapasiteter dette vil kunne ha og kva lastekapasitet vegsystemet i praksis vil kunne tole.
-Forsvarleg E14 frå Stjørdal til riksgrensa er ei viktig "forsikring" for oss alle, og kvifor blir ikkje E14 prioritert høgare og raskare av regjeringa?

Begrunnelse

Det er på E14 frå Stjørdal til riksgrensa Storlien, svært store behov for snarleg utbedring.
Vegen er strekt utfordrande, og har også til tider svært stor trafikk, på ein dårlige, smale, trafikkfarleg og rasutsatt veg.
E14 frå Stjørdal til riksgrensa har stor forsvarsmessig betydning. Her vil store delar av NATO sine styrkar måtte transporterast mot Russlands grense vere viktig i framtid ved ein eventuell situasjon. Det er her er det snakk om store troppeforflytningar og betydeleg mengder med svært tungt utstyr må fraktast på veg og Meråkerbane.
I framlagd NTP frå regjeringa er det lagt opp til kun utbedringsstrekning på E14, med stykkvis utbygging, noko som truleg ikkje stettar krav og behov for frakt av betydelege forsvarsmateriell over begrensa tid.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Vi har ein ny sikkerheitspolitisk situasjon i Europa: Russland gjekk til fullskala invasjon av Ukraina i 2022 og Finland og Sverige har blitt medlemmar i NATO. Denne nye situasjonen sett nye krav til Noreg og den norske infrastrukturen. Dette tek regjeringa på alvor og det har prega prioriteringane i våre forslag til både Nasjonal transportplan 2025–2036, jf. Meld. St. 14 (2023–2024), og Langtidsplan for forsvarssektoren 2025–2036, jf. Prop. 87 S (2023–2024).
Infrastrukturen i Noreg må vere rusta til både å handtere eigne transportar og kunne ta imot allierte styrkar som skal til Noreg og styrkar som skal vidare austover til Sverige og Finland.
Trondheimsfjorden er peika ut som eit mogleg område for mottak av allierte styrkar. E14 og Meråkerbana er dei raskaste korridorane austover derfrå. Regjeringa har i forslaget til Nasjonal transportplan 2025–2036 foreslått å utvikle E14 Stjørdal–Riksgrensen Storlien som ei utbetringsstrekning.
Statens vegvesen har utarbeidd ein moglegheitsstudie for E14. Kommunane og Forsvaret er trekt inn i arbeidet med denne studien. Dei viktigaste utfordringane på E14 i dag er fare for skred og dårleg bereevne. Vegen er smal og har låg trafikksikkerheit. Studien viser at det er mogleg med ei trinnvis utvikling av strekninga og gir ei god oversikt over dei viktigaste tiltaka. Etter at moglegheitsstudien blei lagt fram, har Statens vegvesen hatt dialog med Stjørdal og Meråker kommunar om kva for tiltak som krev planlegging etter plan- og bygningslova og kva mindre tiltak som kan gjerast utan slik planlegging.
For å kunne handtere transitt av allierte styrkar med tungt materiell krevjast det eit robust transportsystem mellom Noreg og Sverige. For E14 betyr det at det må vere føreseieleg framkomst med høg oppetid heile året for tunge køyretøy. For å få til dette må ein gjere skredsikringstiltak og styrke fleire konstruksjonar. Det er behov for at transportar med 12 tonns akseltrykk og 100 tonns totalvekt (Bruksklasse 12/100), som er det vanlege for spesialtransport, kan nytte vegen. Vegen er open for slik transport i dag, men det er nokre punktvise hindringar.
Det er viktig å få på plass dei nødvendige utbetringane på denne strekninga og eg meiner det er hensiktsmessig å gjere dette gjennom at strekninga blir behandla som ein utbetringsstrekning, slik eg har foreslått i Nasjonal transportplan 2025–2036. Det er særleg viktig å prioritere planlegging av tiltak på strekninga Forra bru–Meråker, der det er skredfare som kan gi stopp i framkomst, for både Forsvaret, innbyggarane og næringstransporten.
Statens vegvesen må òg sjå på kva som kan gjerast før regulering av dei større tiltaka er på plass. Ny gang- og sykkelveg mellom E14 Stjørdal–Hegramo og utbetring av eit av dei viktigaste punkta for betre trafikksikkerheit er allereie ferdig planlagt. Statens vegvesen held på med grunnlag for å kunne lyse ut dette prosjektet og det er mål om anleggsstart i løpet av 2024.