Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1708 (2023-2024)
Innlevert: 09.04.2024
Sendt: 09.04.2024
Besvart: 16.04.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram kva vurderingar, og konsekvensar eit mulig krav om nullutslippsteknologi for alle nye anleggsmaskiner vil kunne få, gjeldande kostnadsauke for alt av veg og infrastrukturbygging?

Begrunnelse

I framlegg til ny Nasjonal transportplan har regjeringa lagt til grunn at det skal utgreiast eit forbod mot anleggsmaskiner med forbrenningsmotor.
Til dømes kostar ei 8 tonns gravemaskin med vanleg ny moderne forbrenningsmotor i området litt over 1 million kr, med nullutslipp er kostnaden 3 gongar høgare og ligg i området i 3 million kr.
Same prisforskjellen ser ein ved andre anleggsmaskiner og for lastebilar.
Det er også store utfordringar dersom el-motorar skal nyttast med tanke på lademuligheiter og generell krafttilgang i heile landet, spesielt i distrikta.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: I NTP 2025-2036 er det varsla at regjeringa vil vurdere om det kan setjast mål eller stillast krav til anleggsplassane. Denne vurderinga skal regjeringa gjere i samband med utgreiing av eit forbod mot sal av anleggsmaskinar med forbrenningsmotor frå 2035. Sistnemnde forbod er varsla i regjeringa sin klimastatus og -plan for 2024.
Både Bane NOR og Nye Veier seier i oppdrag som blei levert til NTP at det ikkje finnast tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag for å kunne vurdere meirkostnader med å ta i bruk ein viss del nullutsleppsmaskinar på anleggsplassar. Men Statens vegvesen har gjeve nokre grove anslag for auka i totalkostnader frå prosjekt. Anslaga er eit augeblikkbilete frå vår/sommar 2023 og er venta å endre seg. Kostnaden vil variere frå prosjekt til prosjekt og vere svært avhengig av tidspunkt for gjennomføring. Analysane så langt tyder på at meirkostnader ved ein 100 pst. utsleppsfri anleggsplass pr. 2023 kan utgjere 3-7 pst. av total entreprisekostnad. Anslaget tek utgangspunkt i meirkostnader på entreprisekostnaden for bruk av berre elektriske anleggsmaskiner. Her er det føreset Enova-støtte om lag på dagens nivå for ein stor del av anleggsmaskinene. I tillegg vil det kome på mindre kostnader som følgje av teknisk umodnad, usikkerheit knytt til restverdi på maskiner mv.
Eit ev. mål eller krav til anleggsplassar må operasjonaliserast slik at det blir treffsikkert med tanke på å redusere utslepp frå anleggsplassane. Dette inneber ei vurdering om kva det skal stillast krav til/mål om, til dømes om det er maskinbruken eller delen maskiner i bruk. Det framhevast frå transportverksemdene at det er høve for tilstrekkeleg fleksibilitet i eit slikt mål/krav som gjer dei store anskaffingane mogeleg å gjennomføre.
Eit mål/krav for utsleppsfrie anleggsplassar må sjåast i samband med tre oppdrag som Klima- og miljødepartementet har gjeve til Miljødirektoratet, Statens vegvesen mfl. Eit av desse oppdraga går ut på å utgreie krav om nullutslepp og fossilfrie byggje- og anleggsplassar i offentlege anskaffingar og skal etter planen leverast denne våren.