Skriftlig spørsmål fra Kari Elisabeth Kaski (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1702 (2023-2024)
Innlevert: 08.04.2024
Sendt: 09.04.2024
Besvart: 16.04.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Kari Elisabeth Kaski (SV)

Spørsmål

Kari Elisabeth Kaski (SV): Hvor mye penger vil Asker kommune tape dersom de ender opp med å avskaffe den kommunale formuesskatten, og hvor mye vil det redusere den kommunale inntektsutjevningen der rike kommuner omfordeler skatteinntekter til fattigere kommuner?

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: I 2022 fekk Asker kommune 527 mill. kroner i kommunal formuesskatt før utjamning. Formuesskatten inngår saman med inntektene til kommunane frå personleg skatt på inntekter og naturressursskatt i inntektsutjamninga i inntektssystemet.
Inntektsutjamninga sørger for at skatteinntektene som inngår i utjamninga, blir fordelt frå kommunar med skatteinntekter per innbyggar over landsgjennomsnittet til kommunar med skatteinntekter per innbyggar under landsgjennomsnittet. For kommunane inneber ordninga at kommunar med skatteinngang under landsgjennomsnittet i første omgang blir kompensert for 60 prosent av differansen mellom eigen skatteinngang for desse skattane og landsgjennomsnittet, målt i kroner per innbyggar. Kommunar med skatteinngang over landsgjennomsnittet blir tilsvarande trekt for differansen mellom eigen skatteinngang og landsgjennomsnittet. Kommunar med skatteinngang under 90 prosent av landsgjennomsnittet blir ytterlegare kompensert for 35 prosent av differansen mellom eigen skatteinngang og 90 prosent av landsgjennomsnittet, og dette blir finansiert med eit trekk på eit likt beløp per innbyggar frå alle kommunar. Asker har skatteinntekter per innbyggar over landsgjennomsnittet, og er dermed netto bidragsytar i inntektsutjamninga.
Kommunar har etter gjeldande rett høve til å ha ein lågare skatt enn maksimalsatsane for skatt på inntekt og formue frå personlege skattytarar. Departementet varsla i Kommuneproposisjonen 2021 at for kommunar som vel å nytte seg av lågare skattesatsar enn maksimalsatsane på inntekt og formue frå personlege skattytarar, vil det bli gjennomført ein korreksjon i skattetala i inntektsutjamninga. Det korrigerte skattegrunnlaget er eit anslag på kva skatteinntektene vil vere med maksimal skattesats, og det er dette skattegrunnlaget som blir lagt til grunn i inntektsutjamninga. Dermed må ein kommune som sett ned skattesatsen bere kostnaden ved dette sjølv, og det vil ikkje påverke inntektsutjamninga til dei andre kommunane. Utan ein slik korreksjon ville ein kommune som set ned skattesatsen, og med det får reduserte skatteinntekter, fått eit redusert berekningsgrunnlag i inntektsutjamninga. Kommunen ville då få kompensert store delar av dei reduserte skatteinntektene gjennom eit auka tilskot eller redusert trekk i inntektsutjamninga. Skattetapet av redusert skattesats ville i så fall i stor grad blitt kompensert av dei andre kommunane.
Bø kommune og Sande kommune har sett ned den kommunale delen av formuesskatten, og for begge kommunar blir det i inntektsutjamninga lagt til grunn kva skatteinngangen i kommunen ville vore om kommunen hadde maksimal skattesats i samsvar med berekningar frå Skatteetaten.
Om Asker avskaffar formuesskatten, vil kommunen bli behandla på tilsvarande måte. For innbyggarar som allereie er busette, ville kommunen bli behandla i inntektsutjamninga som om dei hadde maksimal skatt. Dette betyr at tapet for Asker kommune av bortfall av formuesskatt for desse innbyggarane vil vere rundt inntektene til kommunane frå formuesskatt i dag. For eventuelt nye innbyggarar, vil kommunen ikkje få formuesskatt, men dei må bidra i inntektsutjamninga som om også desse innbyggarane betalte maksimal skatt på formue. Dette inneber at om den kommunale formuesskatten blir heilt avskaffa, vil kommunen kunne få eit ytterlegare tap gjennom inntektsutjamninga for nye innbyggarar med formue. Om nedsett formuesskatt gir inntektsskatt frå innflyttarane eller aukar aktivitetsnivået i kommunen, vil dette isolert sett gi auka inntekter.
Ein kommune som sett ned skattesatsen må derfor bere kostnaden ved dette sjølv, og det vil ikkje påverke inntektsutjamninga til dei andre kommunane og den kommunale inntektsutjamninga blir ikkje redusert.