Skriftlig spørsmål fra Kari Elisabeth Kaski (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1701 (2023-2024)
Innlevert: 08.04.2024
Sendt: 09.04.2024
Besvart: 17.04.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Kari Elisabeth Kaski (SV)

Spørsmål

Kari Elisabeth Kaski (SV): TV2 har avslørt at den russiske makten eier hytter som kan avsløre sikkerhetsopplysninger om det norske forsvaret. I dag vet vi fortsatt ikke hvem som eier hvilke eiendommer i Norge. Det på tross av at SV har fått gjennomslag for åpenhet om dette gjennom en plikt til tinglysning ved eiendomskjøp.
Men dette har enda ikke kommet på plass, og spørsmålet er derfor når ministeren har tenkt til å realisere dette og øke åpenheten om eierskap av eiendom i Norge?

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Overordna vil eg seie at eg opplever at representanten og regjeringa er samde om at det er viktig at vi har heimlar og moglegheit til å gripe inn overfor uønskt eigarskap av både eigedom og selskap i Noreg. Bergen Engines-saka var eit godt eksempel på kor gale det kan gå dersom den norske stat har eit for avslappa forhold til eigarskap. Senterpartiet og Ap har sidan vi overtok regjeringsmakta i 2021 jobba aktivt med å styrke kontrollen over kven som eig kva i Noreg.
Eigarskapen til dei aktuelle hyttene ved Bardufoss har vore tinglyste og på den måten kjent for dei som vil eller treng slik informasjon. Det kjem fram av artiklane at eigarskapen til hyttene har vore kjent frå før.
Vi har ein open eigedomsmarknad i Noreg. I dag har vi i praksis god oversikt over eigarskap til dei fleste eigedommar i Noreg gjennom grunnboka. Folk flest tinglyser eigarskapen sin og det er vanlegvis slik at det er samanfall mellom tinglyst eigarskap og reelt eigarskap. Det er ikkje ulovleg for utanlandske statsborgarar å eiga eigedom i Noreg, men det er viktig at vi ikkje er naive i møtet med utanlandske aktørar. Dei siste tiåara har det i for stor grad vore ei haldning om at det er uproblematisk at russiske statsborgarar har kjøpt eigedom i Noreg. Det vurderer regjeringa annleis i dag.
Regjeringa har omtalt dette i Meld. St. 9 (2022-2023) «Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet — Så åpent som mulig, så sikkert som nødvendig», der regjeringa har sagt at ho vil sjå nærare på innføring av ei plikt til å søkja løyve ved kjøp av eigedom etter modell frå tilsvarande ordning i Finland. Dette jobbar vi fortløpande med, og har allereie i fjor fremma og fått vedtatt ei lovendring som sørger for at dersom Forsvaret etter ei fagleg vurdering meiner disse hyttene eller andre hytter er ei utfordring, så har regjeringa moglegheit til å gripe inn. Verksemder som er underlagt sikkerheitslova, har fått plikt til å identifisere eigedomar som kan utgjere ein sikkerheitstrussel, og varsle Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) om disse. NSM har plikt til halde oversikt over dei eigedomane det er sendt varsel om.
Så er det framleis ein del arbeid som står att for å sikre kunnskap om kven som eiger eigedom i Noreg. Tinglysingsloven stiller ikkje krav om bevis for reelt eigarskap for tinglysing av heimel til eigedom og tinglysing har ikkje rettsleg verknad partane i mellom. Dagens tinglysingsordning er først og fremst eit tilbod til rettshavarar som vil sikra seg rettsvern for rettane sine i fast eigedom. Tinglysingsloven har reglar om at den som er i god tru kan leggja til grunn at den som har heimel også er eigar. I mange samanhengar fungerer grunnboka derfor i praksis som eit eigarskapsregister over fast eigedom i Noreg. Men at ein er tinglyst som heimelshavar betyr altså ikkje nødvendigvis at ein er eigar.
Stortinget bad i vedtak av 2. desember 2021 regjeringa greia ut bruken av blankoskøyter og plikt til tinglysing ved eigedomskjøp. Dette kom i stand etter budsjettavtala for 2022.
Regjeringa har, som ein del av utgreiinga knytt til ei eventuell tinglysingsplikt, kartlagt behovet til styresmaktene for eigarskapsopplysningar og publisert denne før jul i 2023. Kartlegginga viser at det er eit utstrekt behov for opplysningar om reelt eigarskap. Kartleggingsrapporten indikerer at vi treng sikrare informasjon om reelt eigarskap og denne informasjonen må vera oppdatert til kvar overdraging.
Etter regjeringa sitt syn er det viktig å få betre opplysningar om eigarskap og vi vil arbeide vidare med å få på plass ei formålstenleg ordning for dette. Det er naturleg å sjå dette i samanheng med ei tinglysingsplikt dersom målet med tinglysingsplikta er oversikt over reelt eigarskap.
Eg vil halde Stortinget orientert om dette arbeidet.