Skriftlig spørsmål fra Mathilde Tybring-Gjedde (H) til finansministeren

Dokument nr. 15:1655 (2023-2024)
Innlevert: 03.04.2024
Sendt: 04.04.2024
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 10.04.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Mathilde Tybring-Gjedde (H)

Spørsmål

Mathilde Tybring-Gjedde (H): Kan statsråden avklare hvem som offisielt taler på vegne av regjeringen, klima- og miljøministeren eller finansministeren?

Begrunnelse

Tidligere klima- og miljøminister, Espen Barth Eide, uttalte 5. august 2023 at «etter mitt klare syn har det vært for mye arealtap i forbindelse med hytteutbygging, og det må vi gjøre noe med.»
Nylig lanserte regjeringen nye forslag til statlige hytteretningslinjer som legger opp til mer fortetting i store hyttefelt. Statsråd Bjelland Eriksen skriver i Aftenposten 26.03 at dette er «helt konkrete, skjerpede krav til hytteutbygging,» «vi må bruke mindre areal og hindre bit-for-bit-nedbygging.» Og i tillegg «vurderer regjeringen nå et eget forbud mot nedbygging av myr.»
I VG 31. mars uttaler finansminister Trygve Slagsvold Vedum at «nesten ingenting av norsk natur er berørt av hyttefelt,» «hele ideen om at Norge blir nedbygd bit for bit er en veldig skjev fortelling,» og «jeg mener det er bra at det bygges flere hytter.» Han er ifølge VG «lut leie kritikk av norsk hytteutbygging,» og uttaler at «Det er ikke alle hyttefelt som er like pene. Men noen av de styggeste er også de som er bygd mest konsentrert.»

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Som kommunal- og distriktsminister har eg ansvar for plan- og bygningslova og for at landet har ein heilskapleg og berekraftig arealpolitikk. Eg svarer difor på vegne av regjeringa.
Omsyn til natur og klima er viktig i arealforvaltninga. I Noreg lever vi godt av dei rike naturressursane våre, men også desse ressursane er avgrensa. Å ta vare på naturen er avgjerande for verdiskaping, arbeidsplassar og busetting over heile landet. Difor må vår forvaltning av naturen og naturressursane vere berekraftig.
Regjeringa har i Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027 oppfordra kommunane til å sette seg mål for å redusere nedbygginga av areal. Ved revisjon av arealdelen i kommuneplanen bør kommunane vurdere om tidlegare godkjend arealbruk skal endrast mellom anna av omsyn til klima, naturmangfald, kulturmiljø, jordvern og reindrift. I forventningsdokumentet står det at det er viktig å unngå ny, omfattande fritidsbusetnad i viktige landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde og utbygging på myr. Dette viser at vi tar klima og natur på alvor.
Regjeringa har nyleg sendt forslag til nye statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet og for klima og energi på høyring. Dei nye retningslinjene omfattar no også fritidsbusetnad. Retningslinjene skal bidra til berekraftige, kompakte og attraktive byar og tettstadar, effektiv arealbruk og at vi reduserer nedbygging av sårbare areal. Retningslinene vil gjelde for all arealdisponering i kommunane, og skal bidra til å balansere bruk og vern av areal og ressursar. Dei er tydelege på at potensialet for fortetting skal kartleggast og bør utnyttast før det blir lagt til rette for utviding av eksisterande fritidsbustadområde og utbygging av nye område. Nye fritidsbustadområde eller utviding av eksisterande område bør i fjellområda ikkje leggast i og over skoggrensa, eller på myr.
I tillegg vil eg også nemne at regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om villrein, der kommunane ved revidering av kommuneplanen sin arealdel blir oppfordra til å ta omsyn til ny kunnskap om villreinen sin arealbruk og oppdaterte regionale planar. Regjeringa vil vidare kome tilbake til Stortinget med konkret oppfølging av den globale naturavtalen i ei ny melding om naturmangfald seinare i år. Vi arbeider også med å legge fram den heilskaplege tilnærminga vår til klimapolitikken i ei eiga klimamelding.
Fritidsbustader er viktig for hytteeigarar og bidreg også til å oppretthalde busetting og aktivitet i mange distriktskommunar. Hyttene bidreg til livskvalitet, friluftsliv og ofte kortreiste naturopplevingar gjennom heile året. For mange er det å ein gong kunne eige sin eigen fritidsbustad ein viktig framtidsdraum. Vi skal ikkje slutte å bygge nye fritidsbustader, men må framover sjå til at vi planlegg og bygger på ein måte som sparer viktig natur og andre verdifulle areal og reduserer utsleppa av klimagassar. Kommunane må i dialog med grunneigarar, hytteeigarar, eigne innbyggarar, regionale og statlege styresmakter, finne løysingar som legg grunnlag for utvikling, samstundes som omsynet til natur og andre arealbruksinteresser blir ivareteke. Eg er glad for at mange kommunar allereie har teke signala om å vurdere tidlegare godkjende hytteområde når dei reviderer kommuneplanens arealdel, og ta ut hytteområde som ikkje er aktuelle for utbygging. Dette er naudsynt for at vi skal kunne redusere det samla arealet som er sett av til fritidsbustader i norske kommunar.